– Vi tapte mot Måløy, men eg jubla likevel. For eg fekk inn ein god ball, seier Tommy etter oppgjeret i boccia mot naboane frå sør.

Om lag 150 deltakarar stilte opp då Monsiaden vart skipa til onsdag. Arrangementet på idrettsbana Eidsåvoll i Vanylven er for psykisk utviklingshemma. Det blir konkurrert i øvingane 400 meter, 60 meter, lengde, kast med liten ball, boccia og aktivitetsløype med 12 postar.

Deltakarane kom frå stader som Vågsøy, Selje, Eid, Vanylven, Volda, Ørsta, Sande, Hareid, Ulstein og Herøy. Inkludert støtteapparat og arrangørstab rekna leiar for arrangementet Arne Sandnes med at nesten 400 menneske var til stades. Etter tevlinga var det matservering inne i Eidsåtun, premieutdeling og dans med Merkesteinane og Fjøresteinane.

Kor mykje ein satsa varierte frå person til person, alt etter kor mykje ein hadde å ta i med. Ein som gav det han hadde var Lars Drage (51) frå Måløy. Han var så sliten då han kom i mål på 400 meter at han låg rett ut og heiv etter pusten.

– I dag var det så hardt at det var like før eg kasta opp. Det er alderen. Pluss at eg har ete for mykje is og kake, seier han og klappar seg på magen.

Til neste år vil han ete meir cornflakes og gryn, lovar han.

– For eg har trass alt sprunge 400 meter under eitt minutt og delteke i Bislett Special Olympics. Eg har over 200 gullmedaljar heime.

Ei anna som imponerte i springing var Mona Sæther Færestrand frå Vågsvåg.

– Eg vann 400 meteren, kunne ho stolt fortelje.

– Eg har vore med på Monsiaden sidan 2010, og det er veldig kjekt. Eg er med i alle øvingane.

Det var tidlegare lensmann i Vanylven Mons Sandnes som tok initiativet til Monsiaden for 23 år sidan. No er han i sitt 87. år og framleis til stades. Sonen Arne Sandnes tok over leiaransvaret i fjor. Han bur og jobbar i Sør-Trøndelag, men pendlar ofte til eigedomen til familien i Vanylven. Han lovar å ta arrangementet vidare i ånda til faren.

– Ja, det er så innarbeidd og velsmurt at det skal gå bra. Alle som er med veit kva dei skal gjere.

Mons er glad sonen ville ta over styringa.

– Korleis kom du på å starte Monsiaden?

– Eg trur omsyn og omsorg for dei som treng det, eldre og utviklingshemma, er noko du er fødd med.