Får midlar til forskingsprosjekt

Elkem ASA Bremanger får 500.000 kroner til utvikling av forskingsprosjekt frå Regionalt Forskingsfond Vestlandet (RFF).

Elkem Bremanger får tildelt forskingsmidlar til eit prosjekt der målsettinga er å redusere støv- og partikkelutslepp frå vasskj Arkivfoto: Jørn-Arne Tomasgard 

Nyheter

Ni søkjarar frå næringsliv og offentleg sektor får til saman 3,7 millionar kroner i kvalifiseringsstøtte frå RFF Vestlandet.

Elkem ASA Bremanger får 500.000 til utvikling av eit forskingsprosjekt der målsettinga er å redusere støv- og partikkelutslepp frå vasskjølte støypeprosessar på fabrikkane i Bremanger og Bjølvefossen. I prosjektet skal ein både prøve å kartleggje årsakene til utsleppa og lage eit konsept for effektive mottiltak og system for resirkulering av kjølevatn og partiklar.

– Elkem er ein av verdas største produsentar av ferrosilisiumlegeringar og har fleire fabrikkar globalt som brukar same støypeteknologi. Det betyr at om ein finn gode løysingar for å redusere utsleppa lokalt, kan det på sikt gi ein positiv miljøeffekt for heile industrien, seier Følling.

I kvalifiseringsprosjektet vil Elkem ASA Bremanger samarbeide med Teknova AS, Elkem ASA avd. Bjølvefossen, Elkem ASA Technology Kristiansand og Industritjenester AS.

Regionalt forskingsfond Vestlandet gir totalt 26,7 millionar kroner til ny forsking på Vestlandet  - der Elkem ASA Bremanger er blant bedriftene som får støtte. Det kom elles få søknader frå Sogn og Fjordane.

Åtte større forskingsprosjekt i næringsliv og kommunal sektor får totalt 23 millionar. I tillegg vert det løyvd 3,7 millionar til vidareutvikling av ni prosjekt som er i startfasen.

–  Fondet ønskjer å mobilisere flest mogleg bedrifter og kommunar til å ta i bruk forsking som middel til nyskaping og utvikling. Tal frå Noregs forskingsråd viser at vi tidlegare har lukkast godt med å rekruttere bedrifter med lita eller inga, og det er gledeleg å sjå at midlane våre også i år bidrar til at fleire nye bedrifter kan gje seg i kast med forskingsstøtta innovasjon, seier Jenny Følling, fylkesordførar i Sogn og Fjordane og styreleiar for RFF Vestlandet.