Set inn tiltak etter utbrot av laksesjukdom

Mattilsynet opprettar kontrollområde for ILA i Bremanger og Flora etter utbrot av smittsam laksesjukdom.

Det har kome utbrot av den alvorlege og smittsame virussjukdomen ILA ved Bakjestranda i ytre Bremanger. Illustrasjonsfoto: Jørn Arne Tomasgard 

Nyheter

Sjukdomen er funnen på Bakjestranda-lokaliteten i Ytre Bremanger, som blir driven av Nordfjord Forsøksstasjon AS. Mattilsynet har no oppretta kontrollområde for bekjempe sjukdomen, og all laks må slaktast ned og utstyr desinfiserast.

I tillegg har ein ei overvåkingssone som strekk seg 17 km sørover og austover i Frøysjøen. Den inkluderer også lokalitetane Grunnsøya og Gulestø, skriv Mattilsynet på si heimeside.

Infeksiøs lakseanemi (ILA) er ein alvorleg og smittsam virussjukdom hos laks. Sjukdomen er ikkje farleg for menneske.

Det var Firdaposten som melde saka først.