Mange ville lese om blottarsaka

Blottarsaka, bilbrann og ubåt er noko av det som har interessert lesarane på fjt.no den siste veka.

Fleire kvinner opplevde laurdag uønska merksemd frå ein mann i trimløypa og på Kjeretoppane i Måløy. Foto: FjT-tipser 

Nyheter

Laurdag fekk Fjordenes Tidende melding om at fleire kvinner hadde fått uønska merksemd frå ein mann i både trimløypa og i området på veg til Kjeretoppane i Måløy. Mellom anna skal mannen spurt om kvinnene vil smørje han inn med solkrem, samt blotta seg.

Etter at Fjordenes Tidende omtalte saka, fekk politiet tips om fleire kvinner som hadde fått uønska merksemd. Les saka her.

Tysdag morgon tok det til å brenne i understellet på ein dieselbil. Dette er den nest mest leste saka i fjt.no den siste veka.

Ei anna sak som lesarane fann interessant var besøk av ein ubåt natt til måndag. Ubåten passerte Måløy og Ulvesundet, og Forsvaret bekreftar ovanfor fjt.no at det var ein av deira båtar som var i området på øving.

Oberstløytnant og kommunikasjonssjef i Forsvaret, Ivar Moen, uttalte også at han set pris på at publikum melder frå om ubåtobservarsjonar.

Varsel om omkøyring på fleire timar fredag var det også mange som villle lese. Denne gongen var det mellom Svelgen og Ålfoten.