Tjenesteleder service i Vågsøy kommune, Linda Myhre Larsen, opplyser om at det er mogleg å røyste fire stader i kommunen:

– Dette er i gymsalen på Raudeberg skule, i gymsalen på Skavøypoll skule, på Vågsøy folkebibliotek i Måløy og på dagsenteret på Bryggja omsorgssenter, seier ho.

Når veljarane kjem inn bak forhenget i stemmeavlukket kan dei velje mellom fire ulike stemmesetlar der det står følgjande:

- «Ja til Kinn kommune»

- «Nei til Kinn kommune»

- «Veit ikkje»

- «Blank»

I denne folkeavstemminga har kommunestyret bestemt at også 16- og 17-åringane har stemmerett.

– Det betyr at alle som fyller 16 eller 17 år i løpet av 2018 kan stemme, seier Larsen.

Før den rådgjevande folkerøysting måndag, har det også vore mogleg å røyste på førehand. I tillegg har valmedarbeidarar reist rundt til folk som ikkje kjem seg til vallokalet.

– Vi har vore på institusjonar, tilbydd heimestemming, vi har vore på ungdomsskulen, Måløy vidaregåande skule og vi har hatt utvida opningstider på Servicetorget på rådhuset laurdag og torsdag, fortel Larsen, og legg til:

– Vi ønskjer å vere tilgjengelege for dei som vil røyste.

Rundt 1.300 har stemt i førehandsrøysteperioden som vart avslutta fredag.

– Eg vil minne om at alle må huske legitimasjon på måndag, seier Larsen.

Under førre folkerøysting i 2016 røysta totalt 25,3 prosent av innbyggjarane med røysterett i Vågsøy kommune. Dette blei sett på som ein svært låg deltaking for å vere ei folkeavstemming.

Håpet no er at folket går til urnene, og benytter seg den av retten dei har til å seie si meining om eit viktig spørsmål for lokalsamfunnet.