Vil ha gulstripe gjennom bygda

Domstein og Aktiv Raudeberg er lei av å vente på ei utbetring av fylkesvegen i bygda og opnar no lommeboka for få arbeidet i gang.

Kjell Oldeide (t.v.) og Edvard Iversen meiner det er på høg tid å oppgradere vegstandarden på fv. 617 frå Kapellneset til haldeplassen i Raudeberg sentrum. Foto: Svanhild Breidalen 

Nyheter

– Med nær 2.500 bilar i døgnet, og mykje tungtrafikk, er det klart det ikkje er noko stas å gå og sykle her. Og ved ei mulig utbygging av Domstein sitt industriområde vil det bli endå meir trafikk inn i ei bygd som på ingen måte er dimensjonert for å tene både industri og bebygging, seier Edvard Iversen i Aktiv Raudeberg.