– Vi har tatt ei ringerunde til foreldre og til dei som har flytta heim. Og dei aller fleste ønskjer ein skule i bygda, og ein ønskjer tilflytting. Tilbakemeldingane er ganske klare, seier Irene Storøy.

Ho fortel at tilbakemeldingane frå foreldre er at ungane ved skulen trivst, og at foreldre til barnehagebarn ønskjer at deira ungar skal begynne på Kolset.

– Eg flytta heim av ein grunn, og det var for at ungane skulle få gå på ein skule i nærmiljøet. Eg har ei jente som vil gå der sjølv om det er få elevar, men det er sikkert delte meiningar om det, seier Storøy.

Venstrepolitikaren har kjempa hardt for skulen, og fekk for to år sidan med seg dei andre kommunestyrepolitikarane på forslaget om ein «bufferperiode» på to år dersom elevtalet på skulen kom under 13.

Desentralisert struktur

Som politikar er ho klar på at ho ønskjer ein desentralisert skulestruktur.

– Eg ser dei økonomiske utfordringane til kommunen. Men eg vil at vi skal ha tenester der folk bur. Det ideelle hadde sikkert vore å samla alle på ein skule, men det blir veldig uheldig for utkantane. Det er ikkje derfor vi har valt å flytte hit. Eg vil ikkje vere med på å legge ned noko som politikar.

Berre ti elevar

Skuleåret 2017/2018 var elevtalet ved skulen ti, og kommunalsjef for oppvekst Gro Bakke Abildsnes bekreftar at ein då i realiteten kan legge ned skulen frå hausten 2019.

– Det er det som ligg i vedtaket, om det ikkje skjer vesentlege endringar, seier ho.

Ho orienterte om status for skulen i formannskapet i vår, der skulen kom opp som ei lukka drøftingssak.

– Kommunestyrevedtaket for eitt år sidan sa at når elevtalet kom under 13, så skulle ein drive udelt skule i inntil to år, dersom foreldra ønskte det. Vi hadde ute eit brev i fjor der vi stilte spørsmål til foreldra og refererte til vedtaket. Etter tilbakemeldingane, dreiv vi udelt skule i fjor, seier ho.

Same førespurnad har no vore ute til foreldra igjen for skuleåret 2018/2019.

– Etter ei drøfting, konkluderte politikarane med at vi skal drive udelt skule også dette skuleåret, seier ho.