Det er i fjellsida på Moldøen at måsane har funne sin nye heim. Her sit måsane tett i tett på hyllene, og enkelte har vore så heldige at dei har reir med tak.

På Moldøen pågår reirbygginga for fullt, og ein kan tydeleg sjå spora som måsen har lagt att etter seg.

Verksemda Bilbody har tidlegare fortalt om problema måsen har skapt for dei.

– Tidlegare låg måsen tett i tett med reir på ein plass, men etter at vegvesenet var her for å få fjerna måsen, har fuglane fått seg frittståande einebustadar. Vi har parkeringsplassen vår utanfor her, rett under brua, og måsen drit ned bilane, både kundane sine og våre eigne, og dei ser ikkje ut. For kundane er det sjølvsagt kjedeleg at vi vaskar bilane og set dei ut, men før dei får henta bilane er dei fulle av måseskit. I tillegg tærer dette på billakken, og det er slettes ikkje bra, sa ein oppgitt dagleg leier ved Bilbody, Inge Nyborg den gong.

Coast Seafood fortalte i november i fjor om sine planar om å byggje hyblar til måsen. Grunnen til at denne ideen kom opp var at verksemda såg at hekkande krykkjer ikkje let seg kombinere med matproduksjonen på Måløy Seafood. Deira ønskje var difor å flytte fuglane på ein skånsam måte, og meinte løysinga var reirhyller på Måløybrua.

– Det vi kan tenke oss å få til er å få flytta krykkjene mot brupilarane slik at vi får skubba dei lenger sør i Måløy. I første omgang er vi i dialog med Vegvesenet om å få sette opp 50 reirhyller på brupilarane. Om desse blir etablert, ser vi føre oss at vi kan flytte fuglane vidare utover mot Moldøen. Då får vi dytta dei lenger vekk frå Måløy Seafood og dei som driv verksemder under brua i Måløy, uttalte fiskeribiolog Per Otto Hjertenes den gong.