– Dette er ein perfekt moglegheit til å så kva jobbmoglegheiter som finst i Flora og Vågsøy. Vi inviterer studentar, arbeidssøkande, potensielle heimflyttarar, andre tilflyttarar og sjølvsagt det lokale næringslivet til rekrutteringstreff og nettverking, seier Trine Vederhus, trainee i Aksello.

Ho forklarer at det her blir stands med lokale bedrifter, lett servering og god drikke.

Det blir også sett opp båt mellom Måløy og Florø som skal frakte arbeidssøkande og bedrifter frå Vågsøy og tilbake.

– Dette er eit kostnadsfritt tilbod, og om du vil vere med, meld frå til meg, seier Vederhus, som håpar å sjå flest mogleg neste fredag.

Fleire bedrifter er aktuelle for treffet, og blant dei du kan treffe er Flora kommune, Fjord1, LocalHost, Måløy Maritime Group, Fjord Shipping, Accountor, Adecco, Sparebanken Sogn og Fjordane, iVest Consulting, A-Å Grafisk design og reklame, Nordea, NHO, Deloitte, Itago og PWC.

PÅ Facebook-sida til Aksello kan ein finne meir informasjon, og ein kan også finne påmeldingsskjema til båttransporten.