Klokka 21.20 melder Fjord1 at ferjesambandet er tilbake i normal drift.

– Grunna sterk vind blir sambandet innstilt, skreiv ferjeselskapet i ei melding klokka 17.15 torsdag.

Meteorologisk institutt har sendt ut eit vindvarsel på oransje nivå som gjelder kysten frå Hordaland til Trøndelag. Sør for Stad var vinden venta å blåse opp torsdag formiddag, og vil vere på sitt heftigaste om kvelden og natta. Langs vestlandskysten vil vindkastene vere på mellom 25-35 meter i sekundet.

– Kastevindane er dei som kan gjere mest skade. Folk må være forsiktige og ikkje legge ut på båttur eller fjelltur. Fjern lause gjenstandar, fest trampoline og tenk over om du bør ta inn hagemøblane. Tenk som du ville gjort om det var en hauststorm på veg, seier meteorolog Kristin Seter ved Meteorologisk institutt til yr.no.