Det går fram av ei sak som vart handsama i formannskapet i Eid torsdag. Piel ønskte å kjøpe meir areal, og det gjekk politikarane inn for.

Arealet, som ligg i bakkant av stasjonen er ifølge kommunen i dag eit lite nytta areal, anna enn til oppstilling og delvis busshaldeplass.

– Området står fram som uryddig og lite stelt i dag. Arealet vil vere ein naturleg del av utvidinga for sentrum av Stårheim. Området vil vere ein del av framtidig tilgang til sjøen for ålmenta, heiter det i saksutgreiinga.

Det er ønske om å nytte framtidig areal til service relatert aktivitet og ein sjøfront med betre tilgang for båtar og sjøreisande, og andre som vil ha tilgang til sjøkanten.

Rådmannen tilrådde at Peter Piel fekk kjøpe arealet.

– Stårheim sentrum er i dag eit område som vil få nytte av planar om utfylling i sjøen og båtplassar/tilgang for båtar langs brygge. Administrasjonen ser det som positivt for Stårheim at initiativtakar vel å satse lokalt, og vil tilrå at avtale om sal av kommunalt areal med sjølinje vert gjennomført, heiter det avslutningsvis.