Eit av dei kjente varemerka frå Nordfjord, Skogstad med base i Innvik, opna fredag butikk i Amfi Nordfjord. Det danna seg lang kø av folk som ville nytte seg av opningstilboda. Hildegunn Strand til høgre blir butikksjef i sommar. Til venstre Ariel Lillestøl.
Mange var interessert i kva den nye butikken har å by på.

– Vi har butikkar i Innvik, Stryn og Olden. Av dei 11 butikkane vi har totalt er det dei lokale som går best av alle. Om denne butikken på Eid vil ete av den same marknaden, var sjølvsagt ei vurdering vi gjorde. Men vi ser at her på Amfi treff vi bygdene ved kysten betre. Det er ein plass alle møtest, kundane kjem frå alle kantar. Vi har stor tru på at dette skal bli bra, seier Janne Fredheim, nestleiar i Skogstad Detalj.

Vi treff henne i butikken rett etter opning. Skal ein dømme etter interessa fredag føremiddag, er i alle fall kundegrunnlaget til stades. Folk strøymde til for å sikre seg av opningstilboda.

Sport- og fritidskle

Konseptet til Skogstad er sport- og fritidskle for alle aldersgrupper, heilt frå småborn som nettopp er ferdig med sparkebukse, til vaksne. Barnekle er ein stor nisje.

Butikken er etablert der Tilbords heldt til tidlegare. Men i tillegg til dette lokalet deler Skogstad og B-Young eit lokale mellom seg der det tidlegare var ein klesbutikk. Dermed er det blitt to større butikkar der det tidlegare var tre.

Butikken på Eid blir den 11. reine Skogstad-butikken i landet.

– I tillegg til dei tre i Stryn opna vi nettopp ein butikk på Lom. Og vi har butikkar i Sartor senter på Sotra, Kristiansund, Harstad, Lillehammer, Sandefjord og Lørenskog. I tillegg er vi inne i sportsbutikkar som Gresvig og MX Sport. Og ein av våre største kundar er Coop, fortel Fredheim.

Skogstad er på offensiven. Fredheim seier dei har planar om vidare vekst:

– Ja, vi jobbar med fleire planar, og vurdere interessante lokalitetar. Men først skal vi ta ferie!

Butikksjefen flyttar frå Bodø

Bente Sunde skal vere butikksjef på Amfi. Ho er opphavleg frå Olden, men har budd 19 år i Bodø. Etter sommarferien flyttar ho til kjærasten på Eid.

– Hildegunn Strand blir butikksjef i sommar. Ho er frå Rake og har jobba for Skogstad i fire år. Så kjem eg i august. Planen er at bemanninga blir butikksjef, ein person i 50 prosent stilling pluss ekstrahjelp. Vi må sjå an etter kvart. Vi kan også dele på arbeidskraft etter behov med butikkane i Stryn, Olden og Innvik.