– Velferdsteknologiens ABC er ein opplæringspakke til kommunane i Norge. Vågsøy har hatt fokus på å få til ei tverrfagleg gruppe med tilsette frå ulike sektorar som helse og omsorg, velferd, eigedom og reinhald, forklarar ergoterapeut Hilde Barmen i Vågsøy kommune.

Målet lokalt er å gi grunnkunnskap om velferdsteknologi for fleire.

– Auka kunnskap er ein måte å skape ein felles forståing, kjensle av å høyre til og endringsvilje i organisasjonen. Hovudmålet med velferdsteknologi er at brukarane og pårørande skal meistre eigen kvardag, auke tryggleik og sjølvstende, seier Barmen.

Parallelt med ABC studiegruppa har ein gjennomført mellom anna oppstart og opplæring i MinMemoria (digital minnebok) på Kulatoppen og utprøving av lokaliseringsteknologi til heimebuande (GPS-klokke og app til deira pårørande).

– Det er no starta opp to nye grupper med Velferdsteknologiens ABC i Vågsøy som viser at det vert satsa på arbeidet med velferdsteknologi i kommunen, avsluttar Hilde Barmen.