– Vi har bygd ein ny hall på taket som vi skal bruke til lagring av former. Nye planar har vi heile tida, men vi får ta det litt etter som vi ser kva vi har bruk for. Per i dag har vi akkurat det vi treng, og så ser vi framover og vi skal sjølvsagt investere, seier Kristian Lundebrekke.

Har oppdrag til oktober

Stadsaren er utdanna eigedomsmeklar og har erfaring frå Ervik Havfiske med drift av båtar, og med teikning på Westmek. I tillegg har 23-åringen vore fiskar medan han studerte. Lundebrekke tok over sjefsstillinga ved Måløy Verft 2. mai, og den daglege leiaren fortel om ei bedrift med mykje oppdrag og store framtidsvisjonar.

– Eg treivst veldig godt i Ervik Havfiske og Westmek, og det sat langt inne å reise derfrå, men jobben på Måløy Verft verka veldig spennande. Her er framtidsvisjonar og stå på-vilje. Ein skal opp og fram, og det er kjekt å vere med på, seier Lundebrekke, og legg til:

– Vi har veldig mykje å gjere og vi har mange oppdrag langt fram i tid. Likevel har vi alltid plass til fleire kundar.

Kundar i inn- og utland

På verftet tar dei på seg stort sett alle oppdrag på båtar under 30 meter. Men hovudmarknaden og spesialiteten knyter seg til kompositt.

– Vi har oppdrag knytt til fritidsbåtar, fiskebåtar, arbeidsbåtar og vindmøllebåtar, lista er lang, slår Lundebrekke fast.

Kundane på verftet er lokale, nasjonale og internasjonale.

– Vi legg stor vekt på lokalmiljøet og prøver å involvere oss i det. Vi har ein del lokale kundar, samstundes som nasjonale og internasjone kundar brukar oss. Tidlegare har vi blant anna har levert vindmøllebåtar, som i dag går i Tyskland. Det er eit vidt spekter i det vi held på med. Det er veldig kjekt å kome inn i ei bedrift med så stor kompetanse blant dei i produksjonen.

Per i dag er det ti tilsette og to TAF-elevar som arbeider på Måløy Verft. Lundebrekke fortel om ein bransje med tøff konkurranse.

– Konkurransen som verkstad er veldig tøff, og no når vi skal satse enda meir på nybygg beveger vi oss også inn i ein bransje med tøff konkurranse, seier 23-åringen.

Vil krevje fleire tilsette

Per i dag er det ti tilsette på Måløy Verft. Men den daglege leiaren legg ikkje skjul på at dette talet vil auke i nær framtid.

– Vi treng nok fleire folk framover. Akkurat no er vi på utkikk etter flinke mekanikarar, seier Kristian Lundebrekke.

– Folka som arbeider her i dag er utruleg flinke og positive. Det er ein samansveisa gjeng, som har arbeidd i lag lenge og kjenner kvarandre godt, legg han til.

Sian verftet har auka fokuset på nybygg, kjem også eit behov for meir arbeidskraft i lokala på Tennebø.

– Blir det slik vi håpar og trur, så treng vi fleire som kan arbeide innanfor kompositt.

Den daglege leiaren veit ikkje kor mange det blir aktuelt å tilsette i framtida.

– Vi får sjå kor mange oppdrag som kjem inn framover. Slik det er no ser det veldig bra ut. Vi har eit vidt spekter i det vi held på med, seier Lundebrekke.

Han understrekar at han blitt tatt godt imot på verftet.

– Det er veldig kjekt å begynne ein plass der det er så mykje kompetanse blant dei i produksjonen.

– Det vi har her er heilt unikt

Kristian Lundebrekke er klar på at Måløy Verft, som del av «Teknopollen», har eit klart fortrinn når dei skal satse meir på nybygg.

– Det tette samarbeidet med verksemdene EasyForm, Stad Towing Tank og Nordwest 3D, i tillegg til det gode samarbeidet vi har med underleverandørar blant anna innan elektro og elektronikk, gjer at vi skil oss veldig ut frå andre verft. Sjølv om konkurransen om nybygga er veldig tøff, så er det ingen som kan levere ein så komplett pakke som oss, slår den daglege leiaren fast.

Kristian Lundebrekke har latt seg imponere over kompetansen som finst i «Teknopollen». Bilete, som er tatt av Måløy Verft, er frå 2016, før den nye lagerhallen kom på plass.

Måløy Verft er allereie i gang med prosjektering av nybygg, og Lundebrekke fortel at dette er noko dei vil gjere meir av.

– Vi i «Teknopollen» kjenner kvarandre veldig godt. Easy Form designar og lagar pluggar og former. Vidare blir det utført testar av Stad Towing Tank med omsyn til mellom anna bølgjer og fart. Deretter kan vi bygge båtane her. Alt skjer innanfor ein radius på nokre hundre meter. Dette skal vi utnytte så godt vi kan, fortel han.

Stadsaren har latt seg imponere over kompetansen som finst i «Teknopollen».

– Det vi har her er heilt unikt, seier Lundebrekke.