– Havfiskefestivalen har bestilt eit gatekunstverk, som skal ha med havfiske å gjere. Då kan makrellstørja vere eit godt motiv sidan vi forsøker å legge neste års kvote for makrellstørje til Måløy, fortel prosjektleiar Tone Holvik-Eriksen i Måløy Havfiskefestival.

Håpar på størjekvote

Leiar Kjell Oldeide i Nordfjord havfiskeklubb fortel at ein i Norge har hatt fire-fem år der ein har hatt forsøksfangst etter størje. Han har sjølv vore i møte med Bergen Havfiskeforening og Havforskingsinstituttet for å diskutere høvet for prøvefiske i Måløy.

Men først skal som nemnt størja på veggen. Holvik-Eriksen har kunstnaren på plass, men vil ikkje avsløre kva vegg som er peika ut til Måløy sitt tredje gatekunstverk.

– Det som er heilt sikkert er at det blir eit veldig kult verk. Avdukinga blir ein programpost under årets festival.

Helga 3.-5. august, når festivalen blir arrangert, kjem det også ein filmskapar til Måløy.

– Han skal lage ein film om festivalen. Filmen blir ein promofilm for Måløy i samband med turistsatsinga som er sett i gang, fortel Holvik-Eriksen.

Skal teste lokalkunnskapen

Ein av dei nye programpostane under årets havfiskefestival er quiz i festivalteltet, Rorbua.

Laurdag er det bluesrock bandet Rawdhouse som spelar i Rorbua på Torget.

– I fjor hadde vi HitStation som laga skikkeleg partystemning. Rawdhouse spelar mykje av dei same songane, i tillegg til eigenproduserte låtar, men med litt meir bluesstemning. Ein kan seie at Rawdhouse er pappaen til HitStation.

Den koselege stemninga skal også prege programmet elles under festivalen.

– Vi satsar på å få fram att den sjela festivalen hadde dei tidlegare åra, seier Holvik-Eriksen, som legg til at Skjærgårdsgutta skal spele.

Elles blir det fleire boder med lokale tilbod på Torget.

– Det blir auksjon med Turid Breidalen, Kystkulturlaget skal ha stand og Måløy Kunstlag skal ha ein spennande aktivitet som rettar seg mot barn.