Brannvesenet i Vågsøy rykte litt før klokka 15.00 ut til melding om at ein trafostasjon på Kulen hadde eksplodert.

– Det kom eit stort smell og deretter røyk. Brannvesenet er på staden, og SFE er varsla, seier vaktleiar Espen Rysjedal ved Alarmsentralen i Florø.

Han fortel at fleire hus er mørklagde og at brannvesenet ventar på at SFE skal komme.

Det skal ikkje vere fare for brann.