– Bygging av felles identitet, kultur og samhald når to kommunar slår seg saman er ei viktig og utfordrande oppgåve. Dette gjeld både eksternt mot innbyggjarane og internt i høve tilsette. I kva grad ein klarer å skape felles kultur og tilhøyrsle til ny kommune vil vere avgjerande for å nå den overordna målsettinga for den nye kommunen, og er derfor eit viktig mål i seg sjølv, heiter det i ei melding frå Stad2020.

Intensjonsavtalen punkt fire oppmodar dei politiske partia i Eid og Selje til å starte eit samarbeid og felles prosessar for å skape ein vi-kultur i den nye kommunen.

Fellesnemnda ser arbeid med felles kultur og identitet for ny kommune som ei viktig og prioritert sak og har vedteke å utarbeide ein overordna plan for kulturbygging.

I meldinga heiter det at ein plan/tiltak skal bidra til å sette arbeidet i fokus og planlegge for at dette skjer på ulike nivå og i ulike miljø. Planen skal utarbeidast i samarbeid med sivilsamfunnet, organisasjonar og institusjonar og innehalde eit overordna kultur- og aktivitetsprogram for kommunen sine innbyggjarar fram mot 2020.

Det er sett ned ei temagruppe for kulturbygging som skal utarbeide ein plan for arbeidet. Gruppa vil vere ein «katalysator» for idear og aktivitetar, og vil etter behov knyte til seg ressurspersonar eller grupper etter behov.

Tema-/arbeidsgruppe for kulturbygging:

Stein Robert Osdal, leiar fellesnemnda (Selje)

Alfred Bjørlo, nestleiar fellesnemnda (Eid)

Marita Aarvik (Selje)

Kjetil Vetrhus (Selje)

Maria Helgesen (Selje)

Thomas Hals (Eid)

Stein Bjørhovde (Eid)

Astrid Grete Torheim (Eid)

Sunniva Henden (Eid)

Kristian Nave (Bryggja)

Representantar frå ungdomsråda i Eid og Selje