– Slik det har vore dei siste åra har vi fått full barnehagedekning, men i løpet av året viser det seg at vi har for få plassar. Då har vi måtta utvide gruppene eller informert om at det ikkje er plass. Det er på høg tid at vi får fleire barnehageplassar. Skal vi få folk til å flytte hit hjelp det ikkje berre med tomter og jobbar, seier Starheimsvik.

Torsdag gjekk politikarane i Eid formannskap inn for å løyve 20 millionar kroner til to nye avdelingar ved sentrumsbarnehagen. I sakshandsaminga heitte det, som Starheimsvik peikar på, at «Eid kommune ønskjer å vere ein attraktiv plass for familiar som vil flytte til Nordfjord, og då er ledige barnehageplassar ein av faktorane som kan vere utslagsgjevande for kor folk vel å busetje seg. Dei siste åra har det blitt fullt i alle barnehagane i løpet av året, og nokre barn har ikkje fått plass.».

Tre alternativ

I handsaminga hadde politikarane tre ulike alternativ. Det første alternativet, som politikarane landa på, var ei utviding av barnehagen med to nye avdelingar, der utbygginga også omfattar garderobar og arbeidsplassar for alle tilsette ved barnehagen. Det er også lagt inn pauserom og møterom. I tillegg er det lagt inn nytt kjøkken med birom, samt at det vert etablert heis. Dei andre alternativa var anten som alternativ ein, men med ei ny avdeling, eller eit minimumsalternativ med ei ny avdeling med arbeidsplassar for tilsette.

– Etter at Hogatunet vart bygd har vi plass til å utvide. Med dette utbyggingsalternativet får vi arbeidsplass til personalet, og dette er noko vi manglar per i dag, fortel Starheimsvik.

I dag er det 45 barn med plass i Gjerdane barnehage. Desse barna er fordelt på 12,8 årsverk. I dei andre barnehagane i Eid er fordelinga slik i dei kommunale barnehagane: Golvsengane (136), Haugen (18) og Stårheim (36). I dei private: Eid (82), Kjølsdalen (38), Snøkrystallen (12), Nøtteliten familiebarnehage (4) og Fossebakken familiebarnehage (4).

Starheimsvik trur ikkje det blir eit problem å rekruttere barnehagelærarar til nye avdelingar i Gjerdane barnehage.

– Her er mange barnehagelærarar i kommunen, så det trur eg skal gå veldig fint.

Politikarane i Eid gjekk inn for å sette av 1 million kroner til planlegging av utbygginga i inneverande år. Restsummen på 18,8 millionar blir finansiert i samband med budsjett 2019.

Kan stå klare i 2020

Kommunalsjef Harald Sivertsen for oppvekst og kultur fortel at spørsmålet om utvida barnehagekapasitet kom opp fordi ein dei siste åra har hatt problem med å tilby tilflyttarar barnehageplass i løpet av året.

– No er planen at vi byggjer to nye avdelingar, og det skal vere nok til å ta imot alle som ønskjer å kome til Eid i ein del år framover, seier Sivertsen.

Alternativet som formannskapet landa på, var også det som rådmannen gjekk for i si tilråding. Sivertsen fortel at det var fleire grunnar til at administrasjonen ønskte dette alternativet.

– Då blir det ikkje noko klattverk. Vi gjer det skikkeleg når vi først byggjer ut. I tillegg er det rimelegare å byggje to avdelingar no, enn å bygge ei no og sette opp ein ny rigg om eit år eller to.

Dersom kommunestyret landar på eit likelydande vedtak i sitt møte 21. juni kan bygging av barnehagen lysast ut rett over nyttår. Ein utvida barnehage kan då vere ferdig i løpet av våren 2020 og takast i bruk ved start av barnehageåret 2020–2021.