Namn: Reidun Øvrebotten

Alder: 58

Adresse: Løvikneset, Bremanger

Yrke: faglærar, jobbar også med kulturminneplan

Hobby: kulturformidling

Aktuell med: opnar sommarutstilling med Nico Widerberg i Kulturhuset Heimen i Bremanger på søndag.

– Kva skjer i Kulturhuset Heimen i sommar?

– Eg driv med kystkulturformidling, gjerne kvinnerelatert kystkulturformidling. Eg har «Minne om Maria» som den faste utstillinga, den fortel historia om kvinner frå Bremanger frå 1800-talet. Så er det «Rylandspynten», som er brudekrone frå Bremanger. I tillegg til sommarutstillinga, vil eg ha sal i kaféen med handverksprodukt og kunst, blant anna frå Hjertrud Eikaas. I tillegg viser eg kortfilmen om fråhaldsrørsla.

– Kven er Nico Widerberg?

– Nico er ein av dei fremste bilethoggarane i Norge for tida. Han har ein lang og veldig innhaldsrik karriere bak seg, og han er veldig aktiv – både med skulpturar og grafikk. Gjennom dei siste 30 åra har Widerberg hatt over 80 separatutstillingar, delteke på nærare 70 kollektive utstillingar og hatt over 60 utsmykkingsoppdrag, både nasjonalt og internasjonalt. Blant dei mest profilerte utsmykkingane er monumenta av Thor Heyerdahl og Trygve Lie, utsmykkinga av Regjeringsbygget, Gardermoen hovudflyplass og Northumbria University i Newcastle. Han er også kjent for å ha utført minnemonumenta i 53 kommunar som mista nokon i samband med 22. juli-tragedia. Eg kjem til å ha skulpturar, tresnitt og litografi, noko innramma og noko utan ramme. Eg har samarbeida med han tidlegare.

– Skjer det noko anna spennande i Heimen i sommar?

– Det blir ofte litt spontane småkonsertar og arrangement inn i mellom. Det er lokale musikarar som har melde si interesse for å halde småkonsertar. Eg har også denne sjøbua eg disponerer, der det er utstilt informasjon om den gamle gravplassen på Grotle og kyrkja som stod der. Kanskje skjer det litt happenings der med litt trekkspelmusikk og kos der nede.

– Det er vel også kafé?

– Ja, med den sedvanlege svela. Den har fått ry på seg for å vere god, så det må eg berre fortsetje med. Folk ringer og spør når eg opnar, for dei må ha seg ei svele.