– Vi antar at det er mannen som har køyrt båten då ulukka skjedde, og at denne skjedde mellom klokka 02.30 og 03.00. Ulukka vart meldt om lag fire timar seinare, seier tenesteleiar Nils Bakke ved Vågsøy lensmannskontor til Fjordenes Tidende.

Det var laurdag 19. mai klokka 06.40 at naudetatane fekk melding om at ein 30 fot lang fritidsbåt hadde køyrt på land ved øya Selja i Selje kommune. Kvinna, som omkom i ulukka, vart henta ut av vraket av redningsdykkarar litt før klokka 08.00 same morgon.

– Ulykka vart varsla laurdag morgon klokken 06.40. Det er eit stort gap mellom tidspunktet for hendinga og når ulukka vart varsla. Det er sannsynleg at sikta har vore bevisstlaus eller har gått i ein sjokkliknande tilstand, seier Bakke, til Bergens Tidende, som først melde saka.

Mannen som greidde å redde seg ut av båten og varsle naudetatane har vore inne til politiavhøyr. Han har også avgitt rutinemessig blodprøve som følge av båtulukka. Dei foreløpige svarene fra blodprøva viser ein svak påverknad av rusmidler på tidspunktet blodprøven ble tatt.

– Vi har fått svar på promillen han hadde når blodprøva vart tatt, men vi ventar på ei sakkyndig tilbakerekning, seier Bakke til Fjordenes Tidende.

Politiet ventar framleis på den endelege obduksjonsrapporten.

Mannen som politiet antar førte båten er rutinemessig sikta for uaktsomt drap.