– Skal eit samfunn lukkast, må identitet skapast, heiter det i eit sitat, og det er eigentleg det vi arbeider etter. Skal vi klare å skape ein identitet for nye Stad kommune må vi få kopla saman innbyggjarane i den langstrakte kommunen, seier leiar i fellesnemnda og ordførar i Selje kommune, Stein Robert Osdal (KrF).

For å gjere dette har det blitt sett ned ei gruppe beståande av personar frå ulike miljø i Eid og Selje. Gruppa består av Stein Robert Osdal, leiar fellesnemnda (Selje), Alfred Bjørlo, nestleiar fellesnemnda (Eid), Marita Aarvik (Selje), Kjetil Vetrhus (Selje), Maria Helgesen (Selje), Thomas Hals (Eid), Stein Bjørhovde (Eid), Astrid Grete Torheim (Eid), Sunniva Henden (Eid), Kristian Nave (Bryggja) og representantar frå ungdomsråda i Eid og Selje.

– Ikkje så store ulikskapar

Temagruppa hadde sitt første møte i Selje tysdag.

– Vi har allereie begynt å arbeide med idear og tankar knytt til aktivitetar og arrangement, samt korleis vi kan nå ut til innbyggjarane våre. Vi skal også kartlegge korleis vi kan nå ut til alle lag og organisasjonar i kommunen vår, seier Osdal.

Første arrangement i regi av gruppa blir under opninga av Draumeplassen på Bryggja.

– Då inviterer vi alle innbyggjarane i Selje og Eid til ein aktivitetsdag, seier ordføraren, som ikkje meiner det er dei store kulturforskjellane mellom eidarar og seljeværingar.

– Det er kanskje litt ulikskapar i lynnet. Det er nok ein meir direkte personlegdom her i Selje enn vi finn inne i fjorden. Men samstundes har eg merka meg i fellesnemnda at den kulturforskjellen er ikkje så stor som vi trudde han var.

Han får støtte av ordførar-kollega Alfred Bjørlo (V) i Eid, som også sit i temagruppa.

– Det som er så fint med Eid, Bryggja og Selje er at det er allereie mykje kontakt på kryss og tvers av kommunegrensene. Nokre reiser til Eid for å handle, medan andre reiser til Selje for å bade. Så kulturforskjellar har eigentleg ikkje vore eit tema.

I tillegg til arrangementet på Bryggja planlegg gruppa å invitere til bygdevandringar i den nye kommunen, som alle innbyggjarane kan delta på for å bli betre kjende i Stad kommune.

Bli kjend-fond

Fellesnemnda har sett av 1,8 millionar kroner som lag og organisasjonar kan søke på. Pengane skal gå til tiltak som bidreg til at innbyggjarane i Eid, Selje og Bryggja vert betre kjende med kvarandre.

– Vi skal byggje den nye kommunen i fellesskap. Då må vi kjenne kvarandre! Vi har etablert fondet for at lag og organisasjonar, barnehagar, skule- klasser og alle andre skal kunne møtast og bli betre kjende med kvarandre gjennom ulike aktivitetar og arrangement, forklarar leiaren i fellesnemnda.

Målet er å bidra til meir aktivitet og samarbeid mellom innbyggjarane i dei to kommunane. Både i 2018 og 2019 skal det delast ut midlar. I inneverande år er det sett av 750.000 kroner. Medan det i 2019 er sett av 1.050.000 kroner.

– Vi ønskjer at dette skal vere ei motivatorordning for at innbyggjarane skal bli kjende på tvers av den nye kommunen, avsluttar Osdal.

I tillegg til bli kjend-fondet har kommunane bestilt løysingar for virtuelle møterom.

– Dette skal vere tilgjengeleg på rådhusa i Eid og Selje for parti, lag og organisasjonar. Per i dag er det slik i Eid at rådhuset er disponibelt for lag og organisasjonar også på kveldstid. Men i sommar kan ein frå Eid og Selje rådhus kople seg opp til det andre rådhuset via video, slik at ein i det same virtuelle møterommet. Dei løysingane er bestilt og kjem, fortel Bjørlo.