Har helsevesenet vårt ei produktiv og riktig tilnærming til psykiatri og psykiske sjukdommar? Eller er slike plager rett og slett normale reaksjonar på problematiske ting i livet? Dette er blant problemstillingane psykiater Trond Aarre tek opp i si nye bok "En mindre medisinsk psykiatri".

– I boka tek eg utgangspunkt i dei tvetydige styringssignala som fagfeltet får frå helsestyresmaktene, seier Aarre.

–  Desse uklåre signala skuldast stor uvisse rundt korleis psykiske problem og rusproblem er å forstå, og korleis behandlinga av dei bør organiserast og gjennomførast.

I boka spør Aarre om pasientane kjem til helsevesenet med psykiske sjukdomar  - eller om plagene deira heller dreier seg om normale reaksjonar på vanskelege liv?  Forfattaren er kritisk til den medisinske tilnærminga til slike plager (psykiske helseplager og rusproblem). Han viser til at hundre års forsking ikkje har gjeve oss klåre svar på kva eventuelle psykiske sjukdomar består i, eller kva årsakene er.

– Det er difor meir nærliggande å oppfatte plagene som reaksjonar på det livet folk lever, enn som eit uttrykk for at det er noko avvikande, defekt eller sjukt i individet.– Eg har prøvd å skrive ei lettlest bok som eg håpar mange kan ha utbyte av.  Målgruppe er sjølvsagt fagfolk innan psykiatrien, men også beslutningstakarar i helsevesenet og tilsynsorgan. For ikkje å gløyme alle andre som i ein eller annan samanheng har befatning med eller interesse for det som skjer i psykiatrien, seier Aarre.