I fleire av høyringsuttalane blir det understreka at det er viktig med godt samarbeid mellom helseføretaket og kommunane. Andre er opptekne av å oppretthalde talet på ambulansestasjonar og –bilar, og at det må vere fokus på å responstid ved akutthjelparordningar. Helseføretaket får ros for å ha gjennomført ein open og involverande prosess.

I saka som kjem opp for styret fredag går det fram at dei innkomne fråsegnene gjev viktige bidrag til det vidare arbeidet med planen.

– Gjennomgåande peikar fråsegnene på dei same områda som blir lagt vekt på i prosjektrapporten. Nokre av innspela vil verte sentrale i arbeidet med neste fase, heiter det i styresaka.

Dei som har sendt fråsegner er Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, brukarutvalet, Sogn regionråd, kommunalsjefnettverket i Nordfjord, kommunane Aurland, Hyllestad, Årdal og Balestrand og ein privatperson.

Kommunane som er representert i kommunalsjefnettverket i Nordfjord er Vågsøy, Selje, Eid, Gloppen, Stryn, Horningdal og Bremanger.

Plan for prehospitale tenester som kjem fram for styret fredag inneheld store mengder bakgrunnsinformasjon om dei prehospitale tenestene i fylket. Desse omfattar bil- , båt- og luftambulanse, redningshelikopteret og AMK ved Førde sentralsjukehus. I neste fase skal det arbeidast med modellar for framtidas ambulanseteneste.