Dagens brannstasjonar i Selje og på Stadlandet tilfredstillar ikkje krava som arbeidstilsynet stiller til desse anlegga. Selje kommune har fått frist til 2020 med å utbetre dagens situasjon.

Dette var kommunen klar over og i budsjetthandsaminga for økonomiplan 2018-2021 satte kommunen av midlar til dette formålet.

– Vi startar no opp arbeidet med brannstasjonen på Stadlandet. Vi ynskjer å starte detaljprosjektering  og bygging av stasjonen med garderobe og vognhall. Kostnadskalkylen for dette prosjektet er satt til om lag sju millionar kroner, skriv Selje-ordførar Stein Robert Osdal (KrF) i ein e-post til Fjordenes Tidende.

Brannstasjonen i Selje skal og mest sannsynleg byggast ny og denne stasjonen skal vere hovudstasjon for kommunen med vaskefasilitetar for bilar og utstyr. Kommunen må for denne stasjonen ha nødvendig dialog med kystverket i samband med skipstunnelen med tanke på dimensjonering  av beredskap og kva kompensasjon kystverket vil gje for dette.

– Derfor har kommunen prioritert å starte med stasjonen på Stadlandet og deretter ser vi på stasjonen i Selje, samanfattar Osdal.