Bigset og medhjelparane er for tida i ferd med å byggje ein 13 meter lang og 5,4 meter brei snurrevadbåt til reiarlaget Havstein Remøy i Fosnavåg.

Det karakteristiske industribygget på Fiskåholmen har vore utan skipsbyggingsaktivitet etter at Ulstein la ned drifta her i 2015. No har Bigset (53) frå Hareid starta opp att, sjølv om det er langt frå dei 108 tilsette Ulstein sysselsette på det meste, til dei sju personane som jobbar her no. Men Bigset er fast i trua på at bygginga av snurrevadbåten berre er starten på noko større.

– Det er fullt mogleg å byggje seks-sju slike båtar her årleg. Viss det går som vi trur, vil vi ha bruk for heile bygget.

Utgangspunktet for Barents Solutions er designselskapet Point Offshore der Harald Bigset er majoritetseigar. Dette selskapet designar båtar og yter konsulenttenester til offshorebransjen. Selskapet held til i Ulsteinvik med fire tilsette, og har også kontor i Kroatia med fem tilsette, ifølgje Bigset.

– Vi har vore i denne bransjen lenge og sett at kundane ofte ynskjer at vi både teiknar og byggjer båtane. Det vil vere lettare å selje inn tenester om vi kan tilby eit ferdig produkt. Vi er i forhandlingar med mange andre aktørar om tilsvarande nybygg, utan at noko er avklart. Men eg blir overraska om vi ikkje har fleire kontraktar klare innan sommaren.

– Mange trur dei skal byggje billigare i utlandet, og det kan sjå bra ut på papiret. Men faktumet er at båtar opp til 24 meter ikkje er billigare å byggje i utlandet. Det er denne marknaden vi siktar mot, med båtar i stål og aluminium, eigna for oppdrett og fiskeri.

Bigset såg på mange ulike lokalitetar for verksemda.

– Dette bygget skilde seg ut som det klart best eigna. Det er godt vedlikehalde, og praktisk innretta. No byggjer vi først i låghallen, før vi etter kvart flyttar vidare til høghallen. I enden er det port mot sjøen slik at vi kan sjøsetje båten frå hallen.

Industribygget har også ein brakkerigg med plass til 30-40 personar. Bigset og arbeidarane frå Romania, Kroatia og Ulstein-Hareid-området bur på brakkeriggen. Baatbygg på Raudeberg kjøpte opphavleg brakkeriggen av Ulstein, men det enda med at Vanylven kommune kjøpte han tilbake.

– Det viser seg som ei god avgjerd no, for det hadde vore vanskeleg å drive her utan.

Kommunen er klar til å byggje ut

Ordførar Lena Landsverk Sande gler seg over ny aktivitet på Fiskåholmen og seier kommunen står klar til å byggje ut meir næringslokale i området.

– Vi har halde på med ein reguleringsplan for området, og har allereie bestemt oss for å bygge eit nytt næringsbygg på 1000-1500 kvadratmeter der ei ny verksemd under etablering skal inn. Det er ein lokal aktør, og noko vi har stor tru på. Meir kan eg ikkje seie utan å avsløre heile prosjektet.

– Aktiviteten Barents Solutions har starta opp er noko vi set veldig pris på, og vi håpar dei lukkast med planane sine om å vekse. Treng dei heile hallen, har vi muligheit til å byggje meir til andre, legg ho til.

Rumenarane Dan Vasile (t.v.) og Marian Manoila har spesialkompetanse på aluminiumsarbeid og er to av til saman sju arbeidarar på fartøyet. Her held dei på med kjølen.

Ordføraren seier starten på 2000-talet var dramatisk for Vanylven, men ho føler no pilane peikar oppover igjen.

– Vi miste 400 arbeidsplassar på kort tid i Olivin på Åheim, Kleven på Rovde, meieriet i Syvde og Ulstein på Fiskå. Når vi veit at kvar arbeidsplass genererer tre innbyggjarar, skulle vi mist 1200 innbyggjarar. Folketalet har gått ned, men ikkje så mykje. Det tek tid å skape nye lokale arbeidsplassar, men eg synst det ser lyst ut no.

Håpar å tilsette lokalt

Harald Bigset seier han er blitt kontakta av mange tidlegare Ulstein-arbeidarar i Vanylven som høyrer om jobbmuligheiter.

Industrihallen på Fiskåholmen er kring 5000 kvadratmeter.

– Her er mykje god kompetanse lokalt og vi håpar etter kvart å kunne tilby jobbar til dei som i dag kanskje pendlar. Men vi må ha fleire kontraktar på plass. Akkurat når det gjeld kompetanse i aluminiumsfaget som vi har brukt for fagfolk i no, er det vanskeleg å finne lokalt. Vi har sikra oss arbeidarar med høg kompetanse på dette området frå Aust-Europa og Sunnmøre på prosjektbasis.Men aktiviteten gjev ringverknader lokalt. Vi leiger bygget av kommunen og kjøper tjenester lokalt. Og vi nyttar oss av lokale underleverandørar, til dømes leverer Rovde Møbel & Design innreiing og West Mekan på Eid ror.