Bilen var på veg mot Svelgen då den har hamna utfor vegen og blei liggande på taket 10 meter nede i ein skråning. Ulukka skjedde i Djupevika, 300 meter før bossanlegget på Kjelkenes.

Ambulanse og politi er på staden. Det var to personar i bilen og begge vart frakta til sjukehus i Førde for sjekk.

Bilen skal ha køyrd over autovernet og har altså blitt liggjande på taket i skråninga.

Politiet kunne ikkje seie noko om årsaka til ulukka. Det er heller ikkje opplyst at det var andre køyrety involvert i ulukka.