Dette er det nye isgåande forskingsfartøyet som er eit av dei mest avanserte i verda. Fartøyet har isbrytarklasse og skal dekke både eksisterande og nye behov for å vere til stades, overvaking og datainnsamling i islagte og opne farvatn i alle årstider.

Skipet er heilt nytt, og har no i vår vore på testtur i isen ved Svalbard.

Administrerande direktør ved Båtbygg AS, Kjell Inge Sjåstad seier til Fjordenes Tidende at det manglar nokre formalitetar, men at planen er at skipet skal i dokka på Raudeberg.

Han fortel at båten kan bli verande der i bortimot to veker.

- Grunnen til at båten skal i dokk er å sjekke skroget etter testturen i isen, og før båten formelt blir overlevert til dei som har bestilt fartøyet, seier Sjåstad.

Båtbygg har ei rammeavtale med Havforskinga om vedlikehald på tre av fartøya. No er det verftet som har bygd båten som er oppdragsgjevar.

Norges nye isgåande forskingsfartøy «Kronprins Haakon» skal vere klar for vitenskaplege tokt i haust. Norsk Polarinstitutt er eigar av skipet, Havforskningsinstituttet skal stå for drifta, og  Norges arktiske universitet (UiT) vil være største brukaren av dette avanserte fartøyet.

Prislappen på fartøyet er 1,4 milliardar kroner.

Fakta om skipet

  • Isbryter PC 3-klasse: Helårig operasjon i isfylte farvann

  • Utrustet for alle aktuelle forskningsformål og for undervisning

  • Utrustet med moonpool og kan operere ROV, AUV og helikopter

  • Mannskap på 15–17 og plass til 35 forskere

  • Kan seile kontinuerlig i 65 døgn på marsjfart

  • Marsjfart på 15 knop, kan gå gjennom istykkelse på en meter

  • 100 meter langt og 21 meter bredt

  • Kostnad: 1,4 milliarder kroner