Ei styringsgruppe hadde i fjor jobba fram ein forstudie der ein punktvis lista opp område med innsparingspotensial. Forvirringa oppstod då det etter avstemming for innsparingslista var uklart for kommunestyrerepresentantane om det var gjort bindande vedtak allereie etter forstudiet.

Politikarane var heller ikkje einige om kva dei eventuelt hadde vedteke. Etter protestar i lokalsamfunnet på gjennomføring av desse uklare vedtaka, måtte saka takast opp på nytt.

Etter at førre prosjektleiar, Åge Senneset (V), trekte seg frå vidare arbeid, tok gruppeleiar for Høgre, Elisabeth B. Hatlenes (H), over leiaransvaret. Førre veke presenterte ho undervegsrapport i arbeidet, melder Firdaposten.

– Vi veit no at nokre av dei 13 delprosjekta ikkje kjem til å rekke tidsfristane, seier ho.

Ho vedgjekk også at prosjektet og ansvaret var stort.

– Eg har hoppa i det og vedgår gjerne at eg ikkje har heile bildet klart for meg enno, understreka ho.

Ifølge Firdaposten fortalde ho at framdrifta i nokon delprosjekt går bra, medan andre truleg ikkje vil bli ferdig innan dei tidsfristane som er sette. Det er kompliserte prosessar som involverer mange tilsette og deira arbeidsvilkår. Nokon har også prosjektleiaransvar for fleire delprosjekt og det viser seg at det er krevst mykje tid og ressursar utover det ein normalt skal gjere i jobben.

Kostnaden med prosjektet «Framtidas organisering av helse- og omsorgssektoren i Bremanger kommune» har allereie passert ein halv million kroner.

– Timebruken i styringsgruppa er komen opp i 279 timar, medan ein i delprosjekta til saman har 310 timar så langt, fortalde Hatlenes.

Døme på prosjekt som gir indikasjonar på innsparingspotensial er delprosjektet i Elvavegen i Svelgen. Ved å samlokalisere klientar med einetiltak innan det psykiske helsevernet, reknar ein med å kunne spare kring 800.000 kroner per brukar.

Det ligg ikkje føre konkrete tal på innsparingspotensial på alle delprosjekta enno.