– Målet er at vi får ein endå sterkare organisasjon, sterkare enn i dag, med endå fleire medlemmer, og at vi har kontor langs heile kysten, inkludert Måløy. Det ser eg på som ein absolutt føresetnad for å kunne vere ein sterk organisasjon for fiskarane, seier den nye daglege leiaren om kva målsettingar ho har for fiskarlaget.

For å få til dette vil Skaar forsøke å nå ut til dei unge fiskarane som ho håpar har ei lang framtid i næringa.

– Det første eg vil gjere er å opprette kontoar på Snapchat og Instagram for å nå ut til ungdomane. Eg ønskjer å knyte kontakt med dei på deira arena, seier 35-åringen, som flytta frå Bergen til Måløy saman med familien for å starte i den nye jobben i Fiskernes Hus i Måløy.

Gode tider

Dei siste åra har det vore ein nedgang i talet fiskarar på landsbasis. For ti år sidan, i 2008, var det ifølge Fiskeridirektoratet 784 aktive fiskarar i Sogn og Fjordane. I fjor var dette talet 615. Både Skaar og avtroppande dagleg leiar Oddmund Kvalheim i Sogn og Fjordane fiskarlag meiner trenden har snudd.

– Vi har hatt eit godt samarbeid med opplæringskontoret og den vidaregåande skulen her. Økonomi og fritid er nok to av faktorane som utgjer bakgrunnen for den auka interessa for næringa. Før måtte ein vere ute heile året for å tene nok, no har fiskarane ein tur ut og ein periode fri, så det er eit føreseieleg yrke med tanke på fritid. I tillegg har inntektene på fiskeri vore veldig bra dei siste åra. Men dette er noko som går i syklusar. Sju magre år, etterfølgt av sju feite, slår Kvalheim fast.

Henriette Skaar håpar fleire tar same yrkesval som Bremanger-fiskarane Geir-Magne Røys (f.v.), Ole Strømmen og Lars-Mindor Nesje om bord i Linebas.

Om ein ser på talet kvinnelege fiskarar er det lågt. I 2017 var det registrert ni kvinnelege fiskarar i Sogn og Fjordane.

– Det trur eg handlar om opplysing. Mange tenkjer kanskje at det er eit typisk mannsyrke, og mange kvinner veit ikkje kva moglegheiter som ligg i næringa. Til dømes Sett sjøbein har fokus på nettopp dette, så det kan vere at det blir fleire kvinner innanfor den yrkesgruppa etter kvart, seier Skaar.

Første kvinne i stillinga

Skaar, som flytta til Vågsøy i slutten av mai saman med mann og tre barn, blir den første kvinna som leiar Sogn og Fjordane Fiskarlag. Sjølv har ho ikkje bakgrunn frå næringa, men har jobba fleire år som jurist i forsikringsbransjen.

– Eg har allereie sett at det er mange juridiske problemstillingar som dukkar opp. Eksempelvis innan kystsoneplanlegging. Då kjem ein inn på det som handlar blant anna om forvaltningsrett. Med tanke på det som handlar om fiskeri og fiskarane, så er dei ei utruleg kunnskapsrik yrkesgruppe, så eg kan utan tvil hente mykje lærdom frå dei. Sjølv har eg inga fiskeerfaring, men eg arbeidde ein sommar med å vaksinere smolt i eit oppdrettsanlegg. Det kjem faktisk godt med.

Skaar ønskjer å vidareføre forgjengaren sin politikk om ei open dør til kontora i Gate 1.

– Eg har fått inntrykk av at fiskarane ofte er opp på kontoret når dei ligg til kai. Det blir jo slik som ein gjer det til sjølv, men dette er noko eg ønskjer å vidareføre, seier ho.

Har vore leiar i 23 år

Sidan 1995 har Oddmund Kvalheim leia Sogn og Fjordane Fiskarlag frå Måløy. Han ser ein meir maritim kystby enn han gjorde den gong.

– Det blir meir og meir av det som har med det maritime å gjere. Alle her er på ein eller annan måte involvert i det som har med fiske å gjere. Ein kan berre sjå frå Raudeberg og sørover kor mykje som har med næringa å gjere, understrekar den erfarne leiaren.

I året han gjer seg som leiar i organisasjonen fyller fiskarlaget i Sogn og Fjordane 100 år.

– Ikkje ein dag har vore lik i løpet av åra eg har jobba her. Vi har arbeidd med alle moglege problemstillingar, vi har arrangert kurs og tatt vare på fiskarane sitt ve og vel, og vi har sørga for at dei har vore representerte på landsmøte og andre arrangement i fiskarlaget.

Oddmund Kvalheim har vore ein aktiv leiar i Sogn og Fjordane Fiskarlag i over 23 år. No er erstattaren på plass, noko Kvalheim er svært fornøgd med. Foto: Marianne S. Rotihaug

Kvalheim gler seg over at døra til lokala i Måløy sentrum framleis vil vere open.

– Eg ville ikkje gå ut døra å låse etter meg, og no skal Henriette vere her og sørge for at den er open. Men eg har sagt at eg nok kjem til å kome opp for ein kaffi etter at eg sluttar, men det kan jo bli eit julebord til før den dagen kjem, smiler han.