Fylkeskommunen har bede om innspel til rutetilbodet i Sogn og Fjordane. Nordfjordrådet peiker i si tilbakemelding på fleire faktorar dei meiner kan betre rutetilbodet. Ein av desse er hyppigare avgangar på ferjesambandet Måløy-Oldeide.

– Ferjeruta har i dag uregelmessige avgangar frå begge stadane. Det er eit sterkt behov for å endre dette til at det blir faste halvtimes avgangar, skriv Nordfjordrådet i sitt innspel til rutetilbodet i Sogn og Fjordane.

Nordfjordrådet er også opptekne av utvikling av skuletilbodet, og samarbeid mellom skulane i regionen.

– Dei fire vidaregåande skulane i Nordfjord ynskjer å samarbeide i større grad enn det som er mogeleg i dag. Dette for å kunne tilby elevane i Nordfjord eit breitt fagtilbod på studiespesialiserande.

Grunna ulike start og slutt-tider ved skulane har dette så langt vore vanskeleg å organisere på ein god måte. Det er difor eit samla ønskje frå skulane at bussrutene vert justert slik at det vert mogeleg med felles start- og slutt-tidspunkt for alle dei fire skulane.

– Skulane ønskjer å foreslå ei ytre ramme for skuledagen frå 08.30 til 16.00, heiter det i innspelet frå Nordfjordrådet, som vidare priker på at betre kollektivtilbod er viktig for utvikling av større bu-, arbeids- og servicemarknader i Nordfjord, særleg for arbeids- og skulependling.

– Det bør utgreiast ei ordning med hyppigare avgangar, til dømes timesavgangar, mellom BAS-sentra i Nordfjord (Måløy, Nordfjordeid, Stryn og Sandane), med god korrespondanse til dei andre tettstadene i regionen.