– Denne dagen har eg venta på i fire år

Eit heilt batteri av frivillige er i sving for å legge til rette for dronningbesøket under 950-årsjubileum og Seljumanna- messe søndag.

I tillegg til H. H. Dronning Sonja, kjem miljøvernminister Ola Elvestuen, katolsk biskop i Norge Bernt Eidsvig, overhovudet for den gresk-ortodokse kyrkja i Norge Johannes R. Johansen, riksantikvar Jørn Holme, politimeister Kaare Songstad, biskopar, Fylkesmannen og fylkesordføraren. Foto: privat 

Nyheter

– Mange hjelper til. Eg må få nemne Selje IL, flyktningtenesta, sokneråda, Selje sanitetslag og Samfunnshuset venner (Selje). Utan deira hjelp hadde ikkje helgas arrangement late seg gjennomføre, seier ordførar Stein Robert Osdal (KrF).

Saman med riksantikvar Jørn Holme set dronninga fokus på kystpilegrimsleia under Seljumannamessa og 950-årsjubileet for Bjørgvin bispedømme.


Slik blir dronningbesøket på Selja

Søndag 8. juli kjem H. M. Dronning Sonja til feiringa av 950 årsjubileet for Bjørgvin bispedøme og Seljumannamessa.

 

– Denne dagen har eg venta på i fire år, seier riksantikvar Jørn Holme, som meiner kystpilegrimsleia er blant dei mest spektakulære av europeiske kulturvegar. Dronninga opnar leia i Klostervågen etter festgudstenesta med biskop Halvor Nordhaug. Dronninga vil også møte fleire lokale eldsjeler og avduke ein plakett.


– No har vi Sunniva på eine sida av sundet og Olavssteinen på den andre

Førstkommande laurdag, i samband med Seljumannamesse og 950-årsjubileum for Bjørgvin, blir også Olavssteinen avduka.

 

Det blir også konsertar i Selje kyrkje 7. og 8. juli. Laurdag medverkar Jon Inge Sigerland, songarar frå Bergen domkor og Line Dybedal med vener. Søndag er det konsert med lokale krefter.