– Vi jobbar jo alltid mot å tilby noko for alle, og i år vil vi få til noko som famnar om heile familien, fortel Hilde Hauge og Mary Jane Varpe.

Dei er to av fire i komiteen som står bak planlegginga av årets rockehelg i Bremanger.

– Vi prøvar å skape litt atmosfære med buer og den type ting. Vi må skape vårt eige sentrum sidan bremangerlandet er vidstrakt, påpeiker Hauge og fortel at både Havly og området nedanfor ved hamna vil vere hovudarena for Rockweekend.

– Det blir program både på Havly og ved sjøen. Det blir noko for ein kvar smak, anten ein likar det roleg, rocka eller vil vere med på aktivitetar som regattaen laurdag. Ved marinaen blir det også festivalcamp, seier dei.

Helga blir sparka i gong torsdag, og den tradisjonelle jammen er bytta ut med konsert med Atle Skaar. Fredag står både Helena Tjella Leinebø og Adam Douglas på scena.

– Billettane til Adam Douglas vart rivne vekk, og halvparten av laurdagsbillettane er selde, fortel dei.

Hauge og Varpe forklarar at dei sel flest billettar i døra, men rår folk til å kjøpe i forkant.

– Folk her er ganske treige, og det ser vi til dømes på Adam sin konsert kor det er mykje tilreisande som har reservert billett. Det er jo litt spesielt at han skal spele her – der Norges-reisa hans starta, smiler Hauge.

Håpar på heimflytting

Laurdagen held fram med ro-regatta, noko som er nytt av året.

– Vi vil skape noko for alle, og dette er særleg for barnefamiliane rundt om i bygdene som kjem heim. Her vil vi utfordre grendene til å stille lag på to og to, i tillegg til at ein kan ha med heiagjengar, fortel dei to arrangørane.

Dei håpar at Rockweekend kan bidra til å få folk til å flytte heim igjen.

– Slike klubbkveldar og konsertar på Havly er ein viktig del av identiteten i bygda. Før måtte vi heim igjen til denne helga, og vi prøver å skape den same kjensla for folk som bur vekke no, seier dei.

Laurdagen er det så duka for skikkeleg rock med Rufus Black og the Hayseed.

– Vi har fått førespurnad om å ha endå meir rock, så det har vi prøvd på med dette bandet. Den eine gitaristen speler med Tom Jones kvelden før og kvelden etter, så her må vi jobbe med logistikken, fortel dei.

Søndag rundar Odd Nordstoga av heile Rockweekend.

– Han har vore her mange gongar så det blir ei knallgod avslutning, understrekar dei.