Ventar ei nedbørsfri festivalhelg

Det ser ut til å bli ei helg utan regn for festivaldeltakarane i Refvik.

Foto: Sindre Blålid Kvalheim 

Nyheter

– I dag er det venta stort sett opphaldsvêr, men det er ein ørliten moglegheit for lett i yr fram til i morgon tidleg, fortel meteorolog Haldis Berge.


Flyr inn til showstart

DDE varmar opp med konsert i Nesbyen før dei kjem til Refvik og Strandfestivalen i helikopter.

 

Ho fortel vidare at det vil lette opp utover dagen i morgon.

– Laurdag kveld ser veldig grei ut. Vinden kjem som skiftande bris.

Temperaturane er venta å ligge mellom 10 og 13 grader.


Legg premieren til Strandfestivalen

Tungevaag & Raaban slepp ein heilt ny låt når dei spelar under Strandfestivalen i Refvik.

 

Berge opplyser at vêret også begynner bra på søndag, men at det ut på ettermiddagen vil skye til og at vinden vil auke til ein sørvest stiv kuling ved Stad. Ein kan også vente seg noko regn i løpet av ettermiddagen.