Her kjem dronninga til Selja

Kongeskipet Norge har ankra opp utanfor Selja der dronninga skal markere 950-årsjubileet for Bjørgvin bispedømme, opne kystpilegrimsleia og oververe Seljumannamesse.

Her går dronning Sonja i land på Selja for å vere med på Seljumannamessa 2018 der ein også markerer 950-årsjubileet for Bjørgvin bispedøme. Foto: Jon Frogner 

Kongeskipet Norge har ankra opp utanfor Selja der dronninga skal markere 950-årsjubileet for Bjørgvin bispedømme 

Nyheter

Kongeskipet Norge har kome til Selje, og Dronning Sonja har gått i land på Selja søndag føremiddag. Der skal ho vere gjest under årets Seljumannamesse.

Sentralt under årets Seljumannamesse blir feiring av at Bjørgvin bispedøme er 950 år.

Seljumannamessa blir leia av biskop Halvor Nordhaug som også vil preike. Også biskop i Nidaros Herborg Finnset, biskop Bernt Eidsvig i Den katolske kyrkja, Bergen domkor og prosjektkor frå heile bispedømet deltek også.

Om lag 1068 e. Kr oppretta Olav Kyrre eit vestnorsk bispedøme med bispesete på øya Selja. Dei heilage frå Selja var så viktige for den unge kyrkja i Norge at Selja blei eit tidleg kraftsentrum i norsk kyrkjehistorie. Bjørgvin bispedøme dekkjer i dag heile Hordaland og Sogn og Fjordane med 182 sokn i 59 kommunar.

I 1968 besøkte dåverande Kong Olav og Kronprins Harald med Sonja Haraldsen øya Selja i samband med 900-årsjubileet for Bjørgvin bispedøme.

Dette var eit av dei fyrste offisielle programma for det nyforlova paret kronprins Harald og Sonja. I år kjem altså H. M Dronning Sonja tilbake til Selja i samband med 950-årsjubileet.

Dronninga skal også offisielt opne kystpilegrimsleia under besøket på Selja.