Både Kjetil Dreyer og Preben Smørdal, som har høvesvis ein Mitsubishi Lancer Evolution 8 og ein Nissan Skyline R34 GT-R, vart vurdert til å ha ein av dei fem beste japanske bilane på arrangementet på Rudskogen.

– Det henge høgt. Ein legg ned mykje tid og pengar, så då er det kjekt å bli lagt merke til. Gatebil er ein anerkjent arena og dei som vurdere dette er genuint opptekne av bil. Eg føler dette er ei anerkjenning på at ein har gjort noko rett, seier Dreyer.

Han fortel vidare at Dreyer og Smørdal var dei einaste som reiste med bil til arrangementet som samlar mellom 40.000 og 50.000 bilentusiastar.

– Men det er veldig mykje bilar på Stårheim med tanke på at det er ein liten plass. Miljøet er veldig bra, og ein kunne nok samla saman fire eller fem gatebilar på ståande fot, seier Dreyer.