Kom uskadde frå samanstøyt med fjellknaus

Tysdag ettermiddag rykte alle naudetatar ut til melding om at ein liten rutebuss med fire personar hadde køyrd i fjellveggen ved Eikeland i Bremanger.
Nyheter

Vest politidistrikt opplyste at sjåføren og dei tre passasjerane kom seg ut av bussen etter samanstøyten med fjellveggen sjølv.

Dei tre passasjerane fekk sitte på med forbipasserande bilar, medan sjåføren var att på staden.

Eikelandstunnelen på fylkesveg 614 mellom Svelgen og Kjelkenes var stengt som følge av ulukka, melde vegtrafikksentralen.

Politiet sende ut melding om ulukka klokka 15.10 tysdag ettermiddag.