– Eg var litt nervøs og litt spent, men eg trur eg klarte å få dei gift, smiler han.

Dette var det første kommunale bryllupet i Bremanger sidan ordninga blei innført 1. januar.

– Det har ikkje vore stor pågang, men det kan vere fordi det ikkje er så kjent enno, seier Røys og understrekar at dei gjerne tek imot fleire.

– Ja, dette er berre kjekt! Vi håpar på fleire, og gjerne frå eigen kommune også.

For brudeparet som valde Grotlesanden i ytre Bremanger som kulissar for bryllupet sitt nyleg var frå Vågsøy.

– Vi var på tur til Bremanger for ei stund tilbake og køyrde forbi sanden, og då tenkte vi tanken at her ville det vore fint å gifte seg. Og når då dagen nærma seg, gjorde vi alvor av det, smiler Anne Marte Tennebø og Jan Kjell Blålid.

– Stod alt til forventingane?

– Ja, absolutt. Vi var veldig heldige med vêret. Det var strålande sol og heilt stille på sjøen. Det blei ein veldig spesiell dag.

Tennebø synest ordføraren gjorde ein god jobb.

– Han var litt nervøs, men det var jo første gongen. Eg synest han var flink, og han sa veldig fine ting, om at ein må ta vare på kvarandre, men også hugse at sjølv om ein giftar seg så er ein framleis to individ.

Bryllupshelga heldt så fram på Knutholmen. Brudeparet sette pris på at dei kunne få ein heil bryllupspakke med ei så spesiell ramme lokalt.

– Vi gjorde ei helg ut av det, og på Knutholmen åt vi festmiddag, fekk guida omvising i Kalvåg og overnatta alle saman.

– Opnar moglegheiter

Svein Inge Fosse ved Knutholmen hugsar godt brudeparet frå Vågsøy. Han var sett opp til å guide dei på historisk vandring i Kalvåg den laurdagen.

– Eg dessverre ikkje gjort det, for eg måtte i eit bryllup sjølv, men dei fekk omvising og var kjempefornøgde. Eg snakka med dei etterpå. Veldig hyggelege folk, seier Fosse.

Han ser klart moglegheitene ei meir fleksibel bryllupsordning gir.

– Klart dette opnar moglegheiter. Vi har fantastisk natur her, med flotte og spesielle plassar å gifte seg.

Knutholmen har allereie mange bryllup gjennom eit år og god kapasitet for å ta imot.

– Vi syr saman pakkeløysingar for folk som vil gifte seg. No kan jo desse bli endå meir spesielle når folk kan gifte seg omtrent der dei vil.

– Kva kan de tilby?

– Det folk har lyst til! Kom med ønske og vi lagar til alt mogleg, frå transport til opplevingar, mat og overnatting.

Fasilitetane har dei på plass etter utviding dei siste åra. Fosse fortel om to selskapslokale i Frøyenhuset der første etasje rommar 150 og andre etasje 80. I hovudhuset har dei også to selskapslokale på hemsen.

I fjor hadde Knutholmen mellom 10 og 15 bryllup.

– Og vi tek gjerne fleire. No er det berre om å gjere å få folk til å gifte seg i stort tal!