Spørsmål ein stiller dei unge under intervjua på arbeidsplassane kan vere av typen har du ein arbeidskontrakt? Får du den lønna de har avtalt? Eller opplever du kanskje at sjefen er ufin mot deg?

– Vi ser generelt etter regelbrot og undersøker om ting er på stell under kontrollane, seier Pål Gjøran Blom frå Svelgen, ein av dei fire som reiser rundt i Sogn og Fjordane.

Før dei intervjuar arbeidstakarane har dei gjerne ein prat med leiinga i selskapet først.

– Vi høyrer om det er greitt at vi bruker litt av tida til dei tilsette. Dei aller fleste er hyggelege og imøtekommande og glade for at vi kjem, seier han.

Dei opplever at mange unge ikkje er kjende med rettane dei har i arbeidslivet.

– Mange er jo i arbeidslivet for første gang, så det skal jo noko til å vite alt. Så vi bruker også tid på å forklare og informere, og gi dei nokre tips seier Kristine Lyngbø frå Bremanger.

– Fann de noko graverande her i Vågsøy?

– Vi har vore på stader der ingen av dei tilsette hadde arbeidskontrakt. Det ser eg på som graverande, seier Karina Veum, og legg til:

– Vi seier då frå om at ein her bryt lova. Dei fleste tek den tilbakemeldinga heilt fint.

Andre ting dei ofte støyter på er manglande kunnskap om kven som er verneombod eller om ein i det heile har eitt.

– Men målsettinga vår er ikkje å «ta» nokon. Vi vil sjekke om dei unge har det bra og hjelpe til der vi kan, seier Kristine.

Heile turneen i Sogn og Fjordane tek tre veker, og dei er innom så mange arbeidsplassar dei klarer på den tida.

– Det er veldig varierande kva vi finn på dei arbeidsplassane vi er innom, som er alt frå store selskap til små bedrifter. Men grovt sett må vi nok seie at folk er flinke, seier Kristine.

– Det meste er som regel i orden, men om det skulle vere noko å ta tak i, tar vi det der og då, og følger også opp i ettertid om arbeidstakaren ønskjer det, seier Karina.

LO treng også fleire folk til sommarpatruljen sin, og Karina understrekar at dei blir glade om folk melder seg.

– Om det er unge der ute som er organisert og lurer på om dette kan vere noko, er det berre å bli med i patruljen. Ein får opplæring og blir ikkje overlatne til seg sjølve der ute til å svare på spørsmål.