Det seier ekteparet Møyfrid og Asgeir Solheim frå Deknepollen. Dei kjøpte bubilen i 2013 og har sidan køyrt 35.000 kilometer. Det vitnar om flittig bruk. Dei reiser både på kortare helgeturar til stader som Bremanger, Møre og innover i Nordfjord, og på lenger ferieturar til Lofoten, Tyskland, Sverige og Danmark.

I fjor var dei over 60 døgn i bilen.

– Vi ferierte i båt i 40 år, og det var veldig kjekt med stor fridom. Du kunne kome når du ville og stoppe når du ville. Med bubil føler eg at vi har det same livet på land. Det er veldig kjekt å gjere noko anna. No kjem vi oss inn i landet til nye plassar. Det gjev nye opplevingar. Ein annan fordel er at det ikkje er så vêravhengig, vi kan i større grad reise dit det er bra vêr, seier Møyfrid (69).

Ho er pensjonert lærar, medan Asgeir (72) som har etablert og drive båt- og motorsenteret Asgeir Solheim A/S, no har overlate drifta til sonen. Asgeir er framleis aktiv i verksemda, men no i ei friare rolle som sjølvstendig aktør.

– Eg er framleis på jobb kvar dag klokka åtte. Men det er stor fleksibilitet, slik at vi kan reise på tur når vi vil.

Skal på norgesferie

Vi får også ei omvising i verksemda nede ved sjøen på Tennebø, der Måløy Verft er næmaste nabo. 40-fotaren «Mari» ligg på land, klar for å bli pussa opp.

– Vi har framleis båten, men no er det helst sonen vår som brukar han. Vi for vår del nøyer oss med dagsturar, fortel Asgeir.

– Eg føler meg ferdig med båtlivet. Det får dei unge ta seg av. Vi ser fleire i vår alder her i området som tenkjer likt og kjøper seg bubil, seier Møyfrid.

Ekteparet har ikkje lagt endelege ferieplanar i sommar. Dei veit ikkje så mykje anna enn at dei skal på norgesferie i bubilen. Dei vil reise etter vêr og det dei elles måtte få av innskytingar.

– Dottera vår skal gifte seg i sommar, så vi blir ein del opptekne med det. Vi er begge opphavleg frå Bremanger, og bryllaupet skal vere der. Då tek vi med oss bubilen dit.

Treff nye vener

Finn dei ein stad dei likar seg, slår dei opp forteltet og blir nokre dagar. Det er ein velutstyrt bubil til om lag 1,5 millionar kroner nypris. Ein av kvalitetane er luftfjører og hydrauliske støttebein. Dermed kan ein heve bilen opp når han står i ro, slik at han står i vater. Dei søkjer mot campingplassar, slik at dei kan kople seg på infrastrukturen der. Elles er det solide batteri, solcellepanel og gass som gjer at dei også kan klare seg utan tilgang til straum. Det er både toalett og dusj i bilen med fem sitte- og sengeplassar.

– Vi kan overnatte i bilen i fleire døgn utan tilgang på straum.

Det er ein omfangsrik bil – 8,5 meter lang og 2,35 meter brei. Sjølv om begge har sertifikat til å køyre, er det helst Asgeir som er sjåfør. Han kvir seg ikkje for å køyre til stader med både smal og kronglete veg.

– Nei, det avgrensar oss ikkje. Her er ryggekamera. Bilen er heilt grei å køyre, ikkje noko problem å halde trafikkflyten. Så lenge eg kan køyre, skal vi ha bubil, lovar Asgeir.

– Vi har treft mange kjekke folk i løpet av dei åra vi har hatt bubil. Nokon har vi kontakt med, og det hender vi avtaler slik at vi kan treffast og ligge ein stad ilag.

– Eit alternativ til hytte

– Nokon kjøper hytte til fleire millionar kroner. Vi kjøpte bubil. Det er ei prioritering, seier Asgeir Solheim.

Han importerte bilen av merket Hymer frå Tyskland der bilen også er bygd. Motor og understell er produsert av Fiat.

– Vi tok kontakt med forhandlar i Tyskland hausten 2012, våren etter drog vi ned og henta bilen. Vi fekk norske skilt på trafikkstasjonen på Eid og betalte avgifter til tollkontoret i Måløy. Vi sparte ein del pengar på å importere sjølv, og det var ikkje mykje arbeid.

– Eg skal ikkje kritisere dei som kjøper hytte. Det er heilt sikkert fint. Men vi valde bubil, mellom anna fordi vi då kan reise til ulike plassar.

Han innser at livet med bubil har ein stor kostnad.

– Ein må rekne med verditap, på same måte som med båt. Det er slutt på den tida då båtar ikkje gjekk ned i verdi. Det er mykje brukte bubilar på marknaden, noko som påverkar prisen.

Ein fordel Solheim trekkjer fram med bubil samanlikna med båt og hytte, er at bilen nærmast er vedlikehaldsfri.

– Vi har han på service på Fiat-verkstad i Førde, elles er det lite vedlikehald.