1. mai la Sten Ihlebakke og Elin Ellingsvik Vegerstøl ut på tur i seglekajakk frå Nordkapp.

– Dette blir vårt første lengre stopp, seier Ihlebakke frå Trøgstad i Østfold, som saman med Vegerstøl frå Tvedestrand i Aust-Agder, som så langt berre har hatt korte stopp på grunn av dårleg vêr.

Turen går vidare på sundag, og planen er å kome til Sponvika i Østfold i løpet av august.

– Eg forelska meg veldig i Noreg dei siste to åra, fortel Sten, som fekk augene opp for norskekysten då han tok sin første tur langs kysten i bil.

– Då tenkte eg: kor fantastisk må det ikkje vere å ta same turen til sjøs?, fortel han.

Dei vart kjendt gjennom felles interesse for friluftsliv og jakt, då Ihlebakke arbeider i eit firma som arrangerer jakt- fiske og friluftsturar. Turen så langt har gått relativt som forventa, sjølv om vêret ikkje alltid har vore optimalt.

– Vi har slite ganske heftig med vêret i mai-juni, og vår første sommardag var i Kristiansund. Men ikkje noko som vi ikkje har fiksa, fortel han.

– Oss imellom har det ikkje vore noko problem. Det vil alltid vere litt ueinigheiter, men vi har ein god kjemi, det løyser seg fort, seier Ihlebakke.