Kafeen i Iglandsvik satsar derfor hardt på ein vellukka sommar og serverer á la carte heile juli og august.

– Årets sommar ser lovande ut. Då vi opna i månadsskiftet hadde vi den beste opninga nokon gong. Vi sparka i gong sesongen med konsert med Silo, og det var populært. Planen er å ha ope i juli og august, frå ettermiddagen av og utover, forklarar Magne Elde, dagleg leiar på Havly i Bremanger.

Eit hus for bygda

Elde er klar på at Havly først og fremst eksisterer for dei som bur i bygda Iglandsvik og grendene rundt, men han legg heller ikkje skjul på at det kan vere svært utfordrande å drive kafé i ein så liten marknad.

– Det er vanskeleg å halde ope gjennom eit heilt år, og særleg i starten var det ganske tøft å få det til å gå rundt. Om sommaren er det jo ein del turistar og forbipasserande, og det er klart at det gjer sitt for å handle hjula i gong, seier han.

Tener på folk som kjem heim

Elde fortel at den jamne trafikken ikkje er stor nok, og trekk fram sommarmånadane som spesielt viktige for drifta av Havly.

– Sommararrangement som Rockweekend er viktige inntektskjelder for oss, og det bidreg til at vi klarer å halde huset ope resten av året, forklarar han.

– Vi står for både matservering og overnatting for artistane, så det er ganske viktig, slår han fast.

Elde trekk òg fram høgtider og tilstellingar som til dømes bryllaup som andre viktige inntektskjelder.

– Det blir ei lett blanding, men økonomisk hentar vi nok mest på dei høgtidene kor det er mykje folk heime, sommaren og andre tilstellingar.

Gir seg etter 17 år

Elde har drive pensjonatet i rundt 17 år, og fortel at Havly i Iglandsvik har hatt ope kvar sommar etter at dei pussa opp huset for nokre år sidan.

– No tilbyr vi både kafé og overnatting, og vi prøvar å variere menyen gjennom veka, seier han, og held fram:

– Vi har til dømes eigne dagar for rekebord, komle, pizza, og dagens middag, slik at det ikkje blir det same heile tida. No har vi òg vist fotball-VM på storskjerm, seier han.

Men etter 17 år er han klar for å overlevere stafettpinnen til nokon andre.

– Eg tok over Havly då eg var 22 år, og det har vore ei viktig kjerne i bygda. Eg har alltid engasjert meg i aktivitetar, politikk og det som skjer i lokalsamfunnet, men etter kvart har fotballen tatt meir og meir over, forklarar Elde, som no bur i Ålesund.

– I og med at eg ikkje bur her heime og fotballen tek meir og meir over så er nok eg inne i min siste sesong på Havly, seier han.

For Elde er det viktig at nokon andre tek over jobben.

– Eg har dei siste åra stort sett berre hatt det overordna ansvaret, medan dei tilsette har styrt her. Det er mange folk i sving, både tilsette og sommerbemanning, men også andre som er innom for å hjelpe til på større arrangement, seier Elde.