Det er sjuande år på rad det blir «uteordførar-kontor» i Eid Malakoff-veka.

– Eid har slagordet «Eid Inviterer», og Malakoff Rockfestival er det største arrangementet på Eid gjennom året. Vi gler oss til å ta imot gjestene, og til å syne fram mykje av alt det positive og spennande som skjer i Eid og Nordfjord for tida, seier ordførar Alfred Bjørlo (V) i ei pressemelding.

Ved å flytte ut på gata i Malakoff-veka ønskjer dei å gjere kontakt med kommunen lettare for folk. Samtidig understrekar Bjørlo at det er viktig for Eid kommune å vere synleg og lett tilgjengeleg når over 10.000 menneske kjem til Nordfjordeid på Malakoff Rockfestival.

Ordførar Alfred Bjørlo og Eid kommune har telt-kontor laurdag 14. juli og kvar dag frå 17. juli til 20. juli på Badstuplassen i Eidsgata. Laurdag 14. juli er det Eid Gatematfestival i Eidsgata, og då vil ordførarane i Eid og Selje også by på smakebitar frå nye Stad kommune, og ta imot idear og innspel til den nye kommunen.

Eid kommune sitt utekontor vil også tilby eit spesielt opplegg for born, med eige barnekart over Eid og rebusløype.