– Det er viktig at ikkje statleg regelverk er til hinder for at bøndene kan gjere naudsynte tilpassingar for å skaffe meir grovfôr. Derfor kjem vi no med følgjande presiseringar og tiltak, heiter det i ei pressemelding frå regjeringa som kom i førre veke.

– Vêret styrer vi dessverre ikkje, og utan regn går vi ein krevjande haust og vinter i møte. Regjeringa gjer no det ein kan for å avhjelpe fôrsituasjonen for bøndene i ei krevjande tid, seier landbruks- og matminister Dale vidare i pressemeldinga.

Leiar i Eid bondelag, Knut Tore Nes Hjelle, meiner at tollreduksjon kan vere eit godt tiltak for å betre situasjonen akkurat no, men meiner at det viktigaste tiltaket for framtida er å halde oppe eit desentralisert landbruk.

– Der har dei hatt gode avlingar, og ikkje same problem som Sør-Norge har no, seier han.

– Som bønder er vi er avhengig av politisk vilje, passeleg med nedbør og passeleg med sol. Når ein skal hauste frå jorda, kan ein ikkje gjere noko med vêret, slik er det berre, seier han.