I helga er det duka for både Bremanger Rockweekend og Gatematfestival på Eid. Ifølgje yr.no blir det strålande sol på Nordfjordeid laurdag, før det skyar over utover dagen. I dag skal det vere delvis klar himmel, og 18 grader heile dagen. Søndag er det meldt om klar sol frå klokka 12, og gradestokken er venta å krype opp mot 21 grader.

I Bremanger er det også meldt om delvis sol gjennom heile helga, men temperaturen held seg på 16 grader heilt til søndag ettermiddag. Då er det venta klar sol og 18 grader. Det same vêrvarselet gjeld for Måløy, Selje og Vanylven. Det er i tillegg venta flau vind.

Her kan du sjå detaljert vêrvarsel: