Men så langt har det ikkje kome eit einaste tilbod frå nokon som vil selje grovfôr til bøndene i Heggjebygda i Eid kommune.

– Det er ein ond sirkel, der ein anten ikkje får tak i nok fôr, eller det blir for dyrt, og ein må til å slakte. Men om mange skal slakte vil jo slakteprisen også gå ned, fortel Melheim.

Har fôr til nyttår

Bøndene fortel at ein til vanleg kan få kjøpt ein rundballe frå 350 kroner og oppover.

– No er prisane oppe i 1.000 kroner eller meir, fortel dei.

Melheim har 40 melkekyr i fjøsen, og kvar dag går det med 2,5 rundballar til dyra. På eit vanleg år kjøper han rundballar til 100.000 kroner. I år må han minst doble summen.

– Eg har prøvd å få tak i fôr, men har så langt ikkje fått tilbod i heile teke. Slik det ser ut no, har eg fôr fram til nyttår, fortel han.

Fôrkrisa har kome av tørkeperioden som har vore i landet på førsommaren. Men sjølv om vêret skulle snu, vil det ikkje kunne fikse situasjonen, ifølgje Ohrvik.

– Det er klart at det vil bli mykje betre om det byrjar å regne no, men eg trur toget har gått for ein andreslått som kan kompensere for førsteslåtten, seier Ohrvik.

– Det ein kan prøve å gjere er å gjødsle dei beste områda og prøve på ein tredjeslått i haust, fortel han.

Fyrsteslåtten byrjar som regel rundt jonsok, og andreslåtten på seinsommaren mellom seks til åtte veker etter førsteslåtten.

Melheim fekk 60 prosent av venta mengde frå førsteslåtten. Ohrvik fekk kun 25 prosent av venta mengde, men seier at det likevel er andre som er hardare råka enn han sjølv i fôrkrisa.

– Det er klart at det er dramatisk, men eg skal ikkje svartmåle det for min del. Dei eg tenkjer mest på er dei som sit med stor gjeld. For dei er det eit heilt anna bilete. Dei må produsere for å få ting til å gå rundt.

Same situasjon i nabolanda

Ein av dei som transporterer og formidlar fôr, er Ola Nord frå Nordfjordeid. Han hentar hovudsakleg fôr frå Austlandet til lokale bønder. I år har han så langt ikkje henta noko som helst.

– Det er verkeleg ille. Dei vi har henta fôr hos i mange år får omtrent ikkje avling sjølv. Eg har også undersøkt om det er mogleg å få kjøpt noko i Sverige, men svaret er at det er vanskelege tider der også, fortel han.

– Prat med kvarandre

Fleire bønder i Eid Fjordenes Tidende har snakka med, fortel liknande historier som Mehleim og Ohrvik. Og Fjordabladet melder også i ein sak frå Ervik på Stadlandet at situsjonen er like ille der.

– Dette er noko som gjeld alle, fortel leiar i Eid bondelag, Knut Tore Nes Hjelle.

– Vi har knapt med fôr i området som det er, og sjølv på eit godt år blir det kjøpt fôr frå Austlandet. Så det er klart det blir eit problem når ikkje dei ikkje ein gong har nok til seg sjølve, seier han.

Så langt har ikkje bondelaget i Eid gjort eigne tiltak for å hanskast med situasjonen, og dei meiner det er for tidleg å kalle det ei krise i Eid kommune.

– Om det kjem passeleg nedbør, kan ein framleis få ein brukbar andreslått, og om vi får ein haust med nedbør kan ein få ein tredjeslått. Men det er klart at ein er avhengig av ein over middels andreslått for å kunne kompensere for tapet etter førsteslåtten. Vi avventar litt, og meiner at det er litt for tidleg endå å seie at det er ei krise her, seier han.

Hjelle oppmodar bøndene til å prate med kvarandre.

– Det er viktig at ein snakkar med kvarandre. Det kan vere vanskeleg å stå aleine i ein slik situasjon, så det kan vere bra å prate med ein kollega, seier han.