– Generelt i året har vi bra med bemanning, men vi ønskjer oss, og er heile tida på leit etter sjukepleiarar og faglærte innan helsefag, fortel Reidunn Øksdal, som er gruppeleiar institusjon i Vågsøy kommune.

Vi ha meir kompetanse

Mangelen på faglærte og sjukepleiarar er også utfordringa når Øksdal skal tilsette sommarvikarar på institusjonane.

– Den største utfordringa er å få faglærte. Det får vi aldri nok av. Vi har veldig mykje ungdomar, skuleelevar og studentar som søker på vikarstillingane. Mange har vore her tidlegare og kjem att år etter år, forklarar gruppeleiaren.

Innan Øksdal sitt felt har ein om lag 70 brukarar, og behovet for ferievikarar er stort. I år klarte dei å fylle opp talet vikarar som trengst på institusjonane og fastlandet.

– Vi set stor pris på at så mange ungdomar vel å bruke sommaren sin på å jobbe innan helse og omsorg. Kanskje klarar vi å rekruttere nokre framtidige helsefagarbeidarar og sjukepleiarar blant desse ferievikarane, seier ho.

Brukar tid på kursing

I slutten av juli var 33 av ferievikarane som no er i sving innan helse og omsorg på institusjon, fastlandet og Bryggja omsorgssenter samla til ein kursdag.

– Kursinga er veldig viktig. På informasjonsdagen fekk sommarvikarane opplæring i naudsynte fagsystem, forflytting, generell pleie, velferdsteknologi, ernæring og dokumentasjon. I tillegg til dette hadde vi ei brannrunde med dei.

I tillegg til å snakke om brukarane si helse og pleie av dei var også vikarane si helse eit tema på informasjonsdagen.

– Vi snakka om korleis vikarane skal vareta si eiga helse i arbeidet, noko som er veldig viktig for oss, forklarar Øksdal.