18-åringen frå Svelgen har frå før to sigrar i fylkesmeisterskap, og ifølgje han sjølv er han eit skikkeleg konkurransemenneske.

– Eg såg at det skulle vere NM og heiv meg rundt. Eg er glad i konkurransar, ler han.

Bueie fortel at han måtte sende inn både teoretisk og praktiske prøver til ein jury i Oslo, som deretter plukka ut dei seks beste finalistane. No er han klar for finale på Hellerudsletta i Oslo 23. oktober.

– Vi har ikkje fått noko særleg informasjon om korleis det heile skal gå føre seg, anna enn at det både blir praktiske og teoretiske oppgåver.

Til dagleg er Bueie lærling hos Bilfinger i Svelgen, kor han jobbar som industrimekanikar.

– Eg elskar jobben min og kosar meg, så det blir opplading til finalen, fortel han, og legg ikkje skjul på at han har trua på å gjere det bra.

– Eg veit lite om dei eg skal konkurrere mot, men har trua på at eg kan nå langt likevel, seier han.

Det var Firdaposten som først omtalte saken.