Det hadde teke til å brenne i ei kjellerleilegheit i det raude huset. Det var ikkje folk i sjølve leilegheita. Men det var folk ute på altanen i huset som høyrde brannalarmen. Dei stengde alle dører og varsla brannvesenet.

Brannvesenet kom raskt til og fekk sløkt brannen.

Brannsjef i Vågsøy, Kim Hjelle, seier det er store brann- og røykskader i kjellerleilegheita. Men fordi brannvesenet kom raskt til så hindra dei storbrann og at heile huset vart totalskadd.

Ingen personar skal vere skadde. Og enn så lenge er det ingen som kan seie noko om årsaka til at det tok til å brenne.