Den bremangerkjære artisten hadde sett ekstra fram til fredagens stopp i Bremanger på norgesturneen han er på i sommar.

– Dette er noko vi har snakka lenge om. Det er eit par i bandet som aldri har vore her før, fortel han.

Det som gjer Bremanger spesielt er menneska og naturen, meiner artisten.

– Bremanger har verdas hyggjelegaste folk. Og det er så vakkert her, stikk motsette av Oklahoma der eg kjem frå. Der det er heilt flatt, seier han og slår ut med armane.

I tillegg skil Havly seg frå andre konsertlokale han har spelt på, meiner Douglas.

– Her er det veldig intimt. Vi har spelt på store scener, med eit hav av folk, medan her blir det meir som ein klubb der vi får ei heilt anna kontakt med folk som er der. Det er som å kome tilbake på heimebane, smiler Douglas før konserten fredag.

Kjenslene er openbert gjensidige – billettane til Douglas-konserten vart nemleg rivne vekk tidleg.

Møtte kona på Havly

– I 2007 spelte eg nede i kjellaren, då også på Rockweekend, og det var min første spelejobb i Norge. Det hugsar eg veldig godt, fortel han.

Det var også kvelden han møtte kvinna han i dag er gift og har ein son saman med.

– Ho kjem faktisk og ser på i kveld, noko som er ekstra kjekt. Det er ikkje så ofte ho kan vere på konsertane.

Slappar best av i Bremanger

– Når eg reiser til Bremanger er det som regel for å endeleg slappe av, og kople heilt ut. Då legg eg vekk mobilen, søv og et god mat. Då tar eg ordentleg ferie, med andre ord.

– Det er stort sett dei einaste gongane det skjer. Om vi har ferie, er det alltid hit vi reiser. Det er også mykje kjentfolk og familie å besøke, seier Douglas.

Dialekten ber også preg av at Douglas har vore sin del i Bremanger.

– Når eg kjem hit blir den automatisk breiare. Særleg når eg er med svigermor eller møter kjende i bygda. Samtidig har eg litt min eigen dialekt, som også er påverka av musikkskuleelevane eg hadde då eg jobba som musikklærar i Oslo, fortel han.

Hektisk turnésommar

Denne gongen vart det lite tid til feriering i Bremanger. Like etter konserten var det rett tilbake i turnébussen på veg til Sel for ny spele- jobb.

– Det er travelt. Men vi nyttar sjansen no når vi har den.

– Vi reiser heile tida. Det er jo veldig gøy, men det er klart at eg er 37 år gammal, og eg har gjort dette sidan var 14–15 år, så eg merkar det fysisk. Men det går greitt, smiler han.

Sjølv om det vart ein kort visitt på grunn av stramt turnéprogram, fekk han møtt familie og slappa litt av.

– Eg fekk slappa av med svigers og familien, endeleg. Det var ekstra kjekt å henge med guten min, som blir 4 år i oktober, fortel han.

Turneen har gått over heile landet, og skal avsluttast på Rockefeller i Oslo. Douglas har sloppe ein singel til sitt nye album som kjem i september, som publikumet på Havly fekk ein smakebit på.

– Det går i eitt, vi gjer mellom tre og seks jobbar i veka, men samstundes kjenner eg meg heldig, fortel han.

I ein trong turnébuss har han budd saman med bandet sidan turneen starta.

– Det er god stemning på bussen, men det er godt at ein har kaffimaskin på morgonen, smiler han.

– Vi er alle vaksne folk, så det blir ikkje så heftig festing, heldigvis, legg han til.

Før Adam Douglas-konserten var det Helena Tjelle Leinebø som var første artist ut på Havly-scena under Bremanger Rockweekend. Ho lagar viser, pop, jazz og soul-musikk, og som barneborn av oppdrettspioneren Peder Bakke, har ho òg tette bånd til Bremanger.