– Ressursane rundt sikkerheit og beredskap aukar i takt med at vi veks som festival, seier festivalleiaren.

Politi, Røde Kors og fire rockeprestar er blant dei som skal sørge for tryggleik for festivaldeltakarane under Malakoff Rockfestival.

– Det er ganske mange personar og apparat involvert. Nokre treng fysisk behandling, medan andre berre treng å prate. Vi skal imøtekomme det folk har behov for, fortel han.

Han forklarar at politiet i år har auka bemanninga, og stiller med to ekstra patruljar under festivalen. Roger Gundersen er innsatsleiar under festivalen, og fortel at dei styrkar beredskapen både på festivalen og i Nordfjord eller under festivalhelga.

– Vi har fleire folk på plass for å sikre at beredskapen er på plass i Nordfjord generelt. I tillegg har vi ekstra patruljar både på og rundt området, og to hundar, forklarar han.

Kan ikkje lukke auga

Naustdal fortel at dei ikkje kan lukke auga for narkotikabruk på festival.

– Vi har eit ansvar å ta. Vi kjem til å leite og veit at vi kjem til å finne narkotika, fortel han, og legg til:

– Ein positiv ting er at det var ein nedgang i beslag frå 2016 til 2017. Vi trur og håpar at det å gå ut og åtvare skal bidra til at det også blir ein nedgang i år, påpeiker han, og får støtte frå Gundersen.

–I fjor gjekk vi ut i førekant av arrangementet og åtvara mot å bruke narkotika, og det kan vere litt av grunnen til nedgangen vi såg i 2017, påpeiker dei.

Dei er også klare på at dei fleste oppfører seg fint, men seier det er vanskeleg å få folk til å ikkje ta med eigne vanar på festival.

– Vanane ein har til vanleg blir med på festivalar. Vi skal uansett gjere det vi kan for å hindre narkotikabruk på Malakoff, understrekar Naustdal.

Han og resten av Malakoff-teamet får ros frå politiet for måten dei handterer situasjonen på.

– Det er ikkje meir bruk av narkotika på Malakoff enn på andre festivalar, og arrangørane skal ha ros for å ta tak i utfordringa, seier innsatsleiaren.

Har ein tett dialog

Annie Kristine Hellebust har vore frivillig for hjelpekorpset til Røde Kors så lenge festivalen har eksistert, og vel det framfor å delta på festivalen som publikum.

– Eg meiner det er viktig å vere her for dei som treng det, og i år tek eg alle fire nattevaktene, fortel ho.

Jakob Leivdal Håvik er inne i sitt første år som korpsleiar, men gler seg til å vere på vakt under festivalen.

– Eg har med meg mange frivillige som har vore med før, så dette trur eg går fint. Vi er rundt 10 vakter på dagtid og litt fleire på natta, og folk kjem frå heile fylket, fortel han.

Dei skryt av viljen til å ville hjelpe blant frivillige i Røde Kors i heile fylket.

– Vi sende ut lister og sa at det var ope for påmelding til å vere på vakt under Malakoff. Det rann inn namn på folk frå heile fylket, og plutseleg var vi ein heil gjeng, seier Leivdal Håvik.

Dei er på plass med eige telt, i tillegg til å patruljere både på og utanfor området.

– Vi er på samband med både festivalleiinga, vakter og politiet, så dialogen er veldig tett, påpeiker dei.

– Det er viktig å få sagt at vi ikkje er her for å plage festivaldeltakarane. Vi skal berre syte for at alle har det bra!, seier dei og får støtte frå både Naustdal og Gundersen.